Skriftleg spørsmål fra Ingrid Heggø (A) til kunnskapsministeren

Dokument nr. 15:272 (2014-2015)
Innlevert: 26.11.2014
Sendt: 27.11.2014
Svart på: 04.12.2014 av kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen

Ingrid Heggø (A)

Spørsmål

Ingrid Heggø (A): Sogn og Fjordane Fylkeskommune søkte den 05.06.2014 om godkjenning av eit treårig forsøk i fag- og yrkesopplæringa. Søknaden gjeld eit nytt opplæringstilbod innan utdanningsprogram for teknikk og industriell produksjon. Søknad om vg3 frå direktoratet er godkjent 10.10.14. Fylkeskommunen vert stadig lova svar, men det kjem ikkje.
Korleis vil ministeren bidra for å sikre at vg2 innan maritim produksjonsteknikk vert eit søkbart tilbod for ungdom for skuleåret 2015/16?

Grunngiving

Det er eit mål å utvikle og tilpasse fag- og yrkesopplæringa til arbeidslivet sitt behov. Ein samrøystes KUF-komité sa i handsama av st.meld 20 "på rett vei" at "det er positivt at det åpnes for mer fleksibilitet i opplæringsløpene slik at strukturen tilpasses elevers og fagområders ulike behov" og peika på at det er viktig at skuleeigarane vert stimulert til å bruka mogligheitene for fleksibilitet, komiteen meinte også at yrkesopplæringa best vert utvikla gjennom eit nært samspel mellom skule og arbeidsliv. Dette opplæringsbehovet er i tråd med arbeidslivet sitt behov, søker å ta i bruk fleksibilitet i opplæringa og er utforma i tett samarbeid med næringa sjølv.
Utgangspunktet var at næringslivet i Sogn og Fjordane etterlyser eit nytt opplæringstilbod som gjev fagkompetanse i innreiing av skip og riggar, og bedriftene Maritim Montering og Havyard Ship Technology, Leirvik garanterar for 12 læreplassar kvart år og samarbeidar med Dale vidaregåande skule om prosjektet. Søknaden er forankra i hovudutval for opplæring, fagopplæringsnemd og gjennom drøftingar med dei tillitsvalde lokalt og på fylkesnivå. Det er både fylkespolitisk støtte og påtrykk frå lokale bedrifter som gir sin fulle tilslutnad til søknaden. Dette er likevel ikkje kun ei lokal sak, men vil dekke eit behov langs heile kysten. Forsøket skal evaluerast undervegs i samarbeid mellom elevane, skulen og bedriftene. Forsøket går over tre år, og både opplæringa på skulen og utplasseringa i bedriftene skal evaluerast på slutten av kvart opplæringsår , slik at det kan gjerast justeringar undervegs.
Utdanningsdirektoratet inviterer i brev av 25.04.2014 til utprøving av vekslingsmodellar i fag- og yrkesopplæringa. Dette er svært aktuelt å prøve ut som ein del av forsøket, gjerne frå skuleåret 2015-16. Både skulen og næringslivet er fleksible og ønskjer å prøve ut ulike praktiske tilnærmingar til organisering av timeplanen i forhold til teori og praksis.
Tidsbruken har vore lang i denne saka. Utkastet til læreplan vg2 vart sendt frå skule/næringsliv til fylket 12. sept. 2013.Det vart gjort vedtak i opplæringsutvalget på fylket 30.10.13, og søknadar vart sendt både vedkommande vg2 og vg3. Det har vore mange møter og mykje korrespondanse om saka. Udir. fekk revidert søknad frå fylket den 05.06.14. Den 10.10.14 innstiller Udir. positivt vedrørende vg3. Det er framleis ikkje noko avgjerdsle vedk. vg 2. Dersom ikkje vg2 vert utlyst no før jul, vil ikkje elevane ha høve til å søkje på denne lina for skuleåret 2015/2016.
Dette prøveprosjektet vil også vera ei erfaring å ta med seg i arbeidet kring ein gjennomgang av strukturen i fag og yrkesopplæringa og er såleis ein vinn -vinn situasjon. Det hastar med å få eit svar frå utdanningsdepartementet og ein ønskjer at ministeren gjer alt han kan for å få ein fortgang i dette arbeidet.

Torbjørn Røe Isaksen (H)

Svar

Torbjørn Røe Isaksen: Etter opplæringslova § 1-4 kan det etter søknad frå kommunen eller fylkeskommunen bli gitt løyve til avvik frå lova og forskriftene etter lova i samband med tidsavgrensa pedagogiske eller organisatoriske forsøk. Sogn og Fjordane fylkeskommune har søkt om forsøk med Vg2 maritim produksjonsteknikk og Vg3 maritim innreiing. Opplæringa skal leggje grunnlag for yrkesutøving innan verftsindustrien. Utdanningsdirektoratet meiner at eit forsøk med Vg3 maritim innreiing bør godkjennast. Når det gjeld søknaden om forsøk med Vg2 maritim produksjonsteknikk, er det etter direktoratet si vurdering nokre utfordringar knytt til den forsøkslæreplanen som det er søkt om å bruke i opplæringa. Direktoratet meiner også at Vg2-programmet vil bli eit svært smalt tilbod, og at dette vil kunne redusere sjansane elevane har til å velje eit anna Vg3 enn maritim innreiing seinare. Eg er positiv til forsøk som kan vidareutvikle vidaregåande opplæring og skape opplæringstilbod som gir etterspurd kompetanse for arbeidslivet. Kunnskapsdepartementet har derfor sendt svar til Utdanningsdirektoratet om at eit forsøk med Vg3 maritim innreiing bør innvilgast på dei vilkåra som direktoratet har foreslått. Når det gjeld søknaden om forsøk med Vg2 maritim produksjonsteknikk, har eg bedt direktoratet arbeide vidare med søkjarane for å sjå om det er mogeleg å finne ei innretning på eit forsøk på Vg2 som vil kunne svare på det lokale ønsket om eit forsøk med eit slikt opplæringstilbod.