Skriftleg spørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til helse- og omsorgsministeren

Dokument nr. 15:322 (2014-2015)
Innlevert: 05.12.2014
Sendt: 05.12.2014
Svart på: 15.12.2014 av helse- og omsorgsminister Bent Høie

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): Norsk Psykologforening fryktar at nye rapporteringsrutinar for aktivitet i helseføretaka bidreg til feilinntrykk av auka aktivitetsvekst innan psykiatrien(Klassekampen 5/12-14). Mange føretak melder om kutt i tilbodet til neste år.
Meiner statsråden at aktivitetsrapporteringane er akseptable, kvifor målast ikkje årsverkinnsatsen i staden, kva kuttplanar har dei ulike helseføretaka for psykisk helsevern for neste år og kan statsråden gi ei oversikt over utviklinga i årsverkinnsatsen dei siste åra og til neste år?

Grunngiving

Ifølgje Klassekampen 5. desember 2014 fortel fleire tillitsvalte at veksten i psykiatrien er eit resultat av nye måtar å telje på. Det vert vist til at tidlegare, om det var to terapeutar til stades under ein gruppesamtale, rapporterte ein dette som éin gruppesamtale. Frå hausten 2013 vart det bestemt at ein skulle rapportere dette som to grupper på 50 minutt. Slik blei konsultasjonen telt to gongar, sjølv om det var same tenesta. Også i frå barne- og ungdomspsykiatrien blir det rapportert om endringar. Om ein behandlar i løpet av samtalen saman med pasienten fyller ut to skjema som tar meir enn 12 minutt, skal ein registrere tre tiltak.
Auka krav til slik "effektivisering" fører til at tilsette må bruke meir tid på registrering. Effektiviseringskrava kjem frå føretaka og ned til avdelingsnivå, og inneber klare føringar for kom mykje aktivitet som skal registrerast i løpet av eitt år. Alt frå skjemautfylling til telefonsamtalar må rapporterast som aktivitet. Underteikna meiner dette er oppsiktsvekkjande og byråkratisk og set tvil om den såkalla "gylne regel" har nokon reell verdi for pasientane og auka pasientbehandling -som vel er målet.
Underteikna lurar på om Statsråden har godkjent ei slik endring i måten å telje aktivitet på, og om Regjeringa meiner dette er hensiktsmessig. Underteikna meiner at Stortinget må få informasjon om den reelle årsverkinnsatsen i psykisk helsevern, og at årsverk bør brukast som mål for aktivitetsvekst. Underteikna ber og om at Stortinget får ei samla oversikt over kva slags kuttplanar som er skikksert for psykiatrien i budsjett for 2015 i dei ulike føretaka: Helse Vest, Helse Sør-Øst, Helse Midt og Helse Nord.