Skriftleg spørsmål fra Sveinung Rotevatn (V) til barne-, likestillings- og inkluderingsministeren

Dokument nr. 15:350 (2014-2015)
Innlevert: 11.12.2014
Sendt: 12.12.2014
Svart på: 17.12.2014 av barne-, likestillings- og inkluderingsminister Solveig Horne

Sveinung Rotevatn (V)

Spørsmål

Sveinung Rotevatn (V): Sluttrapporten til Fafo og Statistisk sentralbyrå viser at tilbodet om gratis kjernetid i barnehage gir betre resultantar på skulen for born med innvandrarbakgrunn. Evalueringa viser også at forsøket med gratis kjernetid har lukkast med å rekruttere fleire barn med innvandrarbakgrunn til barnehagen.
Vil statsråden vurdere å opne for at kommunane kan få avvikle kontantstøtta og bruke provenyet til å utvide gratis kjernetid og ventestønaden?

Grunngiving

Gratis kjernetid er eit middel for å nå eit mål om at alle born skal vere språkdyktige før skulestart. Målet når ein ved å sikre at dei aller fleste, også born med innvandrarbakgrunn, går i barnehage ved fire- og femårsalderen. Difor er det sentralt at lokale barnehagestyresmakter jobbar aktivt med å rekruttere også dei som ikkje i utgangspunktet har søkt barnehageplass, og at det tilbodet som vert gjeve i barnehagane tek sikte på å styrke den norskspråklege dugleiken til borna.
Barnehagebruken blant 4- og 5-åringar med innvandrarbakgrunn i forsøksområda har auka med om lag 15 prosent og i dag går dei alle fleste av desse i barnehage. Bydelar i Oslo med gratis kjernetid har ein høgare andel born med innvandrarbakgrunn i barnehagen, og desse borna gjer det betre på kartleggjingsprøver i lesing og rekning på første og andre trinn. Samstundes påpeikerer barnehagestyrarar at det er eit problem at ein del born byrjar i barnehage for seint. Fleire styrarar skildrar det barnehagen kan utrette av språkopplæring på eitt eller to år som "førstehjelp".
Vi ser også at blant dei som har gått i barnehage i mange år, er det langt færre som scorar under kritisk grense på lesetestar i skulen enn det er blant dei som kune har gått få år i barnehage. Dette kan tale for at tilbodet om gratis kjernetid bør utvidast til å femne om fleire aldersgrupper. Kommunen kjenner sine innbyggjarar og utfordringar best, og bør i denne saka kunne prioritere midlane til dei tiltaka som fungerer best.

Solveig Horne (FrP)

Svar

Solveig Horne: Det er bra at midlane som er brukt på forsøket med gratis kjernetid i barnehage har hatt ein effekt for barn med innvandrarbakgrunn. I 2013 gjekk 77 prosent av minoritetsspråklege barn i alderen 1–5 år i barnehagen, mot 92 prosent av andre barn i same aldersgruppe. Dei siste tre åra det har vore ei positiv utvikling, særleg når det gjeld 2-åringar.
Regjeringa føreslo i Prop. 1 S (2014–2015) å styrkje ordninga. I budsjettforliket blei det enighet om at gratis kjernetid, f.o.m. 1. august 2015, skal gjelde alle fire- og femåringar i familiar med låg inntekt i heile landet. Innvandrarar er klart overrepresenterte i gruppa med vedvarande låg inntekt. Denne styrkinga vil føre til at fleire barn med innvandrarbakgrunn lærer norsk før dei begynner på skulen.
Regjeringa ønskjer ikkje å avvikle kontantstøtta. Kontantstøttelova gir rett til kontantstøtte til foreldre som søkjer slik støtte og som fyller vilkåra i lova. Den einskilde kommune kan ikkje avvikle ordninga for sine innbyggjarar, og departementet har heller ikkje heimel til å gje kommunar unntak. Kommunane står likevel fritt til sjølv å finansiere utvida kjernetid utover det som ligg inne i statsbudsjettet for 2015.