Skriftleg spørsmål fra Terje Breivik (V) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:378 (2014-2015)
Innlevert: 16.12.2014
Sendt: 17.12.2014
Svart på: 15.01.2015 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Terje Breivik (V)

Spørsmål

Terje Breivik (V): Vil samferdselsministeren setje i gang tiltak for å få snarleg framlagt reguleringsplanen for E134 Seljestad-Liamyrane og påskynde reguleringsplanen for E134 Liamyrane-Vågslid?

Grunngiving

Odda og Vinje kommune har no venta i 1,5 år på å få lagt fram nye reguleringsplanar for E134 Seljestad-Liamyrane (Odda kommune) og Liamyrane (Odda kommune)-Vågslid (Vinje kommune) til politisk handsaming.
I april 2013 vart utkast til reguleringsplanane presentert for dei to kommunane, der dei vart oppmoda om å koma med innspel til planane i løpet av mai 2013. Planen er då at endeleg utkast skal leggast fram for dei to kommunane hausten 2013. Det einaste uavklarte var vegstandard (Statens Vegvesen og Vegdirektoratet var usamde) og avklaring med Riksantikvaren i samband med den freda vegen over Haukelifjell.
Reguleringsplanane vart ikkje levert hausten 2014, og det vart henvist til dei to sakene som ikkje var avklart. Reguleringsplanane vart stadig etterlyst.
I mai 2014 hadde bompengeselskapet Odda Vegfinans AS møte med Hordaland Fylkeskommune og Statens Vegvesen i Bergen for å diskutera framdriftsplan både for reguleringsplanar og etterfølgjande bompengesøknad. Det vart semje om ein meir stram tidsplan for etterfølgjande bompengesøknad, og at reguleringsplanane skulle vera klar før sommaren 2014.
I juni 2014 vert reguleringsplanane på nytt etterlyst, og det vart då opplyst at det var nær semje med Riksantikvaren og vegstandard var avklart. Reguleringsplanane skulle leggast fram til Odda og Vinje i september 2014
I september 2014 er det på nytt møte mellom Odda kommune og Statens Vegvesen, og no vert planane lovd lagt fram før jul, alle avklaringar var no på plass.
I slutten av november vert det opplyst til Haukelivegen AS reguleringsplanane først kan leggast fram til sommaren 2015. No var det kome inn at deponering av steinmassar i Vågslid ikkje var tilfredsstillande.
Det nærmar seg då to år forseinking på desse reguleringsplanane. I Nasjonal Transportplan er det lagt opp til oppstart først på delstrekkinga Seljestad-Liamyrane, der ein legg opp til oppstart av arbeidet så snart reguleringsplanen er endeleg godkjent og bompengesøknaden er på plass. Strekninga Seljestad-Liamyrane vil betre regulariten om vinteren vest for Haukelifjell, der bilberging av vogntog i Håradalen er eit svært vanleg syn. Talet på høgdemeter på vegen blir også kraftig redusert, noko som vil føra til stor inntening både i drivstoff og redusert køyretid.

Ketil Solvik-Olsen (FrP)

Svar

Ketil Solvik-Olsen: Som representanten Breivik skriv i grunngjevinga for spørsmålet, var det i mai 2014 semje mellom Hordaland fylkeskommune, Statens vegvesen og Odda Vegfinans AS om at reguleringsplanane for E134 på strekningane Seljestad – Liamyrane i Odda kommune og Liamyrane – Vågslid i Odda og Vinje kommunar skulle vere klare før sumaren 2014.
Sidan vegen over Haukelifjell er freda, er det naudsynt med eit nært samarbeid med Riksantikvaren i denne saka. Sist sumar kom ein fram til prinsippløysingar for den nye vegen, og Statens vegvesen har tru på at desse skal vere mogeleg å akseptere for alle partar. I tillegg er det behov for nokre avklaringar når det gjeld tiltak på den gamle Haukelivegen.
Spørsmålet om deponering av overskotsmasse er ikkje løyst, ettersom Fylkesmannen i Hordaland ikkje tilrådde den løysninga som Statens vegvesen og NVE hadde gått inn for. Seks nye alternativ er no under utgreiing.
Sidan prinsippløysingane inneber vesentlege endringar i høve til gjeldande kommunedelplanar, må reguleringsplanane for dei to E134-strekningane omarbeidast, og det må utarbeidast ny konsekvensutgreiing. I tillegg må det utarbeidast reguleringsplan med konsekvensutgreiing for det massedeponiet som vert valt. Planprogram vil bli lagt fram på nyåret, og Statens vegvesen arbeider no ut frå at reguleringsplanane skal vere klare for offentleg utlegging sumaren 2015. Dette føreset at omsynet til fredinga då er avklart.
Vegen over Haukeli er freda i forskrift av 21. desember 2009. Eg meiner at det er ein negativ konsekvens av fredinga at det no går med mykje tid på å avklare korleis prosjekta over Haukelifjell skal gjennomførast med omsyn til fredinga. I slike saker er det særs viktig at alle partar viser smidighet og er løysningsorientert. Eg legger til grunn at Statens Vegvesen syter for at prosessen går så raskt det er mogleg.