Skriftleg spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til justis- og beredskapsministeren

Dokument nr. 15:458 (2014-2015)
Innlevert: 15.01.2015
Sendt: 15.01.2015
Svart på: 19.01.2015 av justis- og beredskapsminister Anders Anundsen

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Vil justis- og beredskapsministeren sjå til at politimeisteren i nynorskfylket Sogn og Fjordane rettar seg etter mållova og forvaltinglova og sender svar på breva frå Jens Brekke på nynorsk innan rimeleg tid, og at politimeisteren i sitt vidare arbeid følgjer ein slik praksis?

Grunngiving

3. mai 2014 laga Jens Brekke i Vik i Sogn lauseld for å brenne rusk. Brannvesenet måtte kome til og sløkkje, og Brekke fekk bot på 7000 kroner. Jens Brekke godtok førelegget, men reagerte på at brevet frå politimeisteren var skrive på bokmål. Som god nynorskbrukar i eit nynorskfylke ville Brekke motta førelegget på nynorsk.
Politiet har ikkje svara på noko av breva Jens Brekke har sendt dei, og har med det også brote forvaltingslova i tillegg til mållova.
Frå Statens Innkrevjingssentral har Brekke derimot motteke kravet på nynorsk, og dei har sletta alle gebyr. Jens Brekke ynskjer å gjere opp for seg, men ventar framleis på brev med førelegget på nynorsk frå Politimeisteren i Sogn og Fjordane.

Anders Anundsen (FrP)

Svar

Anders Anundsen: Politiet skal retta seg etter forvaltningslova og mållova så langt den gjeld. Eg legg såleis til grunn at politiet følgjer reglane i desse lovene – både no og i framtida.