Skriftleg spørsmål fra Hadia Tajik (A) til justis- og beredskapsministeren

Dokument nr. 15:567 (2014-2015)
Innlevert: 06.02.2015
Sendt: 09.02.2015
Svart på: 17.02.2015 av justis- og beredskapsminister Anders Anundsen

Hadia Tajik (A)

Spørsmål

Hadia Tajik (A): Vil statsråden ta kontakt med helse- og omsorgsministaren for å sikre at utgiftar knytt til medisinsk undersøking på barnehus vert teke over helsebudsjettet, og ikkje budsjettet til barnehusa?

Grunngiving

Somme barnehus kan fortelje at det varerier om utgiftar til medisinske undersøkingar vert teke innafor helsebudsjettet eller budsjettet til barnehusa.

Anders Anundsen (FrP)

Svar

Anders Anundsen: Barnehusa er ei delt oppgåve mellom Barne-, famlie- og inkluderingsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet. I 2014 fekk Politidirektoratet overført 4,250 mill. kr. frå Helse- og omsorgsdepartementet i samsvar med avtalen om bidrag til finansiering av ordninga med barnehus. Tilskotet går inn i budsjettramma til dei politidistrikta som har barnehus. Den samla budsjettramma for politidistrikta for dekning av utgiftene ved barnehusa i 2014 var 76,6 mill. kroner, og tilskotet frå Helse- og omsorgsdepartementet utgjorde m.a.o. 5,6 % av budsjettramma. Utgiftene til medisinske undersøkingar i samband med dommaravhøyr ved barnehusa blir belasta det einskilde politidistrikts rammer ved faktura til barnehusa.
I 2014 betalte barnehusa totalt kr. 1 867 830 for i alt 586 medisinske undersøkingar. Det blei utført 3 352 dommaravhøyr ved alle barnehusa. Det blei såleis utført medisinske undersøkingar i 17.5 % av alle dommaravhøyr ved barnehusa. Kostnadene pr. undersøking varierer sterkt etter kva for barnehus undersøkinga skjer ved, - frå ca. 10 400 kroner til ca. 1 150 kroner pr. undersøking. For heile landet er kostnadene 3 187 kroner pr. undersøking i snitt.
Politidirektoratet har innhenta oversikt over dei ulike avtalene det einskilde barnehus har med helsesektoren, når det gjeld konkret avtale, praktisk samarbeid og økonomiske tilhøve. Oversikten viser at det er høgst ulike avtalar som barnehusa har inngått med lokale helseføretak. Einskilde medisinske undersøkingar i samband med dommaravhøyr blir gjennomført på sjukehus. Politidirektoratet har opplyst at når ei medisinsk undersøking blir gjennomført på sjukehus, blir det som regel ikkje sendt faktura til barnehusa.
Etter Politidirektoratets oppfatning er det grunn til å vente ein vesentleg auke i behovet for medisinske undersøkingar ved barnehusa framover, både ved at talet på dommaravhøyr med spesifikt behov for medisinske undersøkingar er venta å stige og at talet på dommaravhøyr i seg sjølv er venta å gå opp. Dette representerer difor ein vesentleg auke i kostnadene til medisinske undersøkingar for 2015. Til dømes er det venta at Statens barnehus Oslo vil stå for ein auke på meir enn 1.5 mill. kroner. Ved dette barnehuset blei det gjennomførte 122 slike undersøkingar og betalt kr. 450 000 i 2014 for to halve dagar i veka.
Sjølv om finansieringa av medisinske undersøkingar skjer over budsjettet til politidistriktet som har barnehus lokalisert der, vil det etter mi vurdering vere føremålstenleg å få til harmonisering av avtalane som barnehusa får med dei lokale helseforetaka, herunder finansieringsspørsmål. Eg viser i den samanhengen til at Helse- og omsorgsdepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet i tildelingsbrev til resp. Helsedirektoratet og Politidirektoratet har gjeve direktorata i oppdrag om i samarbeid å greie ut ansvarstilhøva, knytta til sporsikring ved vald og/eller overgrep i tråd med tiltak 35 i Handlingsplan mot valdtekt 2012 – 2014. Direktorata er også bedne om å gje overslag over kor mykje sporsikringa vil koste og kven som bør eller skal ha finansieringsansvaret. Dette oppdraget omfattar også barn. Frist for å svare på oppdraget er oktober 2015.