Skriftleg spørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til justis- og beredskapsministeren

Dokument nr. 15:578 (2014-2015)
Innlevert: 10.02.2015
Sendt: 10.02.2015
Svart på: 19.02.2015 av justis- og beredskapsminister Anders Anundsen

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): Riksadvokaten har i publikasjon nr. 1/2015 undersøkt etterforskinga og den påtalemessige behandlinga i den såkalla Monika-saka i Hordaland politidistrikt. Rapporten viser svikt i etterforskinga på ei rekke punkt. Fleire tar til ordet for ei ekstern gransking av Hordaland politidistrikt.
Vil statsråden informere Stortinget om korleis Riksadvokatens rapport vil følgjast opp, korleis ein skal hindre liknande svakheiter i andre etterforskingar og vurderer statsråden behov for ekstern gransking?

Grunngiving

Riksadvokaten si arbeidsgruppe har gjort ei kvalitetsvurdering av etterforskinga og den påtalemessige behandlinga i Monika- saka. Politiet i Hordaland la vekk saka i august 2012 som "intet straffbart forhold." Det vart lagt til grunn at barnet hadde tatt sitt eige liv. Ved årsskiftet 2013/2014 kontakta ein etterforskar ved Hordaland Politidistrikt ein næraste overordna og opplyste at han, etter å ha gått i gjennom dokumenta i saka, meinte at saka burde takast opp att. I rapporten han blei pålagt å skrive, kom det fram totalt 21 forslag til nye etterforskingsskritt. Men korkje ansvarleg påtalejurist eller politimester vedtok å ta opp att saka, og det blei heller ikkje bestemt at saka eller etterforskaren sin rapport skulle sendast til Kripos for vurdering.
Arbeidsgruppa som har undersøkt etterforskinga og den påtalemessige behandlinga i Monika - saka, skriv i rapporten at dei meiner at kvaliteten på den etterforskinga som er gjort, var mangelfull. Arbeidsgruppa meiner politiet og påtalemyndigheitene må utarbeide system for å sikre at kvaliteten på det som politiet gjer held god nok fagleg standard, og at manglar fangast opp og rettast, slik at dei ikkje utviklar seg og pregar etterforskinga.
Arbeidsgruppa skriv at eit av hovudfunna når det gjaldt politiet si etterforsking var fråvære at ein stadleg, engasjert og kompetent etterforskingsleiing. Arbeidsgruppa støttar i rapporten anbefalingane om sertifiseringssystem for avhør, og at det bør utgreiast eit sertiseringssystem for etterforskingsleiing av større, krevjande saker.

Anders Anundsen (FrP)

Svar

Anders Anundsen: Saka om Monika Sviglinskajas død blei tatt opp att i 2014 og er framleis under etterforsking. Det pågår med andre ord etterforsking samstundes som ulike sider ved den tidlege fasen i politiets handsaming av saka blir gjennomgått. Det er svært viktig at slike saker får ei grundig og samvitsfull handsaming og at ein unngår at dei same feila blir gjentatt i framtidige saker. Eit av dei viktigaste virkemidla for å unngå gjentaking, er at ein identifiserer kva som gjekk gale og gjennomfører endringar der dette er naudsynt. Det er riksadvokaten som har det overordna ansvaret for handsaminga av enkeltsaker på straffesaksfeltet. Riksadvokaten tok raskt ansvar og sette ned arbeidsgruppa som skulle gjennomgå politiets handsaming i eit læringsperspektiv. Dette var eit viktig og helt naudsynt grep som eg sluttar meg fullt ut til. Eit viktig tiltak som allereie er sett i verk, er riksadvokatens retningsliner frå hausten 2014 om at alle slike saker nå skal avgjerast av statsadvokatane med ei skriftleg tilråding frå politiet. Spesialeininga for politisaker gjennomgår også saka. Tema for denne gjennomgangen er om det er gjort noe straffbart i samband med handsaminga av Monika-saka. Dette er ei strafferettsleg etterforsking som vil bli handsama i påtalesporet. Det er opplyst at Spesialeininga si rapport vil føreligge i veke 9. Politiets handsaming av Monika-saka kom opp som ei varslarsak. Politidirektoratet har bede om ekstern bistand for å undersøke påstandar om gjengjelding, og om det føreligg forsøk på påverking i noen retning. Etter ekstern konkurranse har advokatfirmaet Wiersholm 19.2.2015 fått oppdraget. Siden også Politidirektoratet si handsaming av denne saka er en del av den vurderinga som skal foretas, er Justis- og beredskaps-departementet, og ikkje Politidirektoratet oppdragsgivar. Det føregår difor fleire vurderingar av ulike sider av Monika-saka allereie. Når, i tillegg til rapporten frå Riksadvokaten, også rapportane frå spesialleinga og advokatfirmaet Wiersholm føreligg, vil eg ta stilling til om det er naudsynt med ytterligare gransking, eller om det då føreligg eit godt grunnlag for å vurdere dei ulike sidene ved denne saken og om det er aktuelt å sette inn særskilte tiltak utover det som allereie er vedteke. I mine møte med riksadvokaten og Politidirektoratet vil eg be om å bli orientert om oppfølgingsarbeidet og gjennomføringa av naudsynte tiltak. Dette må vi også sjå i samanhang med det generelle, pågåande arbeidet med å gjere kvaliteten på politiets etterforsking betre med utgangspunkt i blant anna rapporten «Politiets etterforskning i 2013».