Skriftleg spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til arbeids- og sosialministeren

Dokument nr. 15:633 (2014-2015)
Innlevert: 18.02.2015
Sendt: 18.02.2015
Svart på: 19.02.2015 av arbeids- og sosialminister Robert Eriksson

Fredric Holen Bjørdal (A)

Spørsmål

Fredric Holen Bjørdal (A): Eg viser til Dokument nr. 15:142 (2013-2014) der arbeidsministeren i skriftleg svar til meg i 2013 varslar at eit arbeid for å utgreie moglegheita for avgrensing av trygdeeksport skal bli gjennomført så snart som mogleg. I Dagsrevyen 17.februar 2015 seier statsråd Horne at dette arbeidet no er i gang. At dette tek så lang tid tyder på at avgrensing av trygdeeksport er vesentleg vanskelegare enn Frp hevda i opposisjon.
Kva har blitt gjort sidan 2013, og når forventar statsråden at konklusjonane vil vere klare?

Robert Eriksson (FrP)

Svar

Robert Eriksson: Som eg nemnde i det skriftlege svaret i desember 2013, som det blir vist til i spørsmålet, står det i regjeringa si politiske plattform at regjeringa vil: ”Vurdere tiltak som kan begrense og stanse trygdeeksport, men innenfor de internasjonale avtalene Norge er bundet av.” For det er ikkje, og har heller aldri vore, tvil om at ein del av desse avtalane fører med seg nokre grenser for det handlingsrommet Noreg har til å setje i verk åtgjerder mot trygdeeksport. I det året som har gått sidan det førre svaret, har dei aktuelle departementa arbeidd med å klarleggje kva handlingsrom dei internasjonale avtalane som Noreg har inngått gjev oss. Det er neppe oppsiktsvekkjande at regjeringa i ei slik sak ynskjer eit så godt og solid grunnlag som mogleg for avgjerdene sine. Slik statsråd Horne sa i den fjernsynssendinga som det er synt til i spørsmålet, er det enno for tidleg å seie når dei endelege konklusjonane vil vere klare, men for meg er dette ei særs viktig sak som eg følgjer tett.
Eg følgjer òg med stor interesse dei prosessane som no er i gang innafor EU-systemet, der fleire land er opptekne av dei same spørsmåla. Det kan på sikt føre til at handlingsrommet blir utvida.