Skriftleg spørsmål fra Ingrid Heggø (A) til kunnskapsministeren

Dokument nr. 15:636 (2014-2015)
Innlevert: 18.02.2015
Sendt: 18.02.2015
Svart på: 03.03.2015 av kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen

Ingrid Heggø (A)

Spørsmål

Ingrid Heggø (A): Framtida til høgskulen i Sogn og fjordane vert avgjort i nærmaste framtid. Høgskulen sjølv ønskjer å fortsetje som eiga eining men med nært og sterkt forpliktande samarbeid og arbeidsdeling med andre institusjonar. Ein tredjedel av utdanninga ved høgskulen er lærarutdanninga. Høgskulen vil fint greie masterkravet i fire av faga.
Kan statsråden stadfeste at Høgskulen også i framtida vil kunne tilby lærarutdanning som sjølvstendig høgskule?

Grunngiving

Høgskulen i Sogn og fjordane vart oppretta for å sikre kompetanse og gje utviklingskraft i regionen. Dette behovet er ikkje vorte mindre. I dag har høgskulen utdanning av lærar, sjukepleiar, sosionomar, sosialarbeider (tre typar) økonomar og ingeniørar. Høgskulen rekrutterar godt, og 65 % av studentane kjem frå andre fylker. Omlag halvparten av dei vert buande i Sogn og Fjordane når dei er ferdig utdanna. Sjølvstende er viktig for å sikre samspelet med regionen, og høgskulen har dei beste skuleprestasjonane i landet. Høgskulen skårar også høgt på studenttilfredsheit, studiekvalitet, studiemiljø, kandidatproduksjon og studiepoengproduksjon. 5,3 mot 4,7 på landsbasis. Det er også gode søkertal med 1,5 til 1,8 .
Dersom ein skal ha master lærarutdanning også ved høgskulane utanom storbyane, så må det leggast til rette for at studentane får tilbod om ulike fag ved ulike høgskular på masternivå. Høgskulen i Sogn og fjordane vil kunne gje tilbod om norsk, matte, samfunnsfag og kroppsøving. Dette gjeld enten ein er funksjonert eller ikkje.
Kvalitet i lærarutdanning er viktig, men det er ikkje avgjerande å kunne tilby alle faga, for å gje eit kvalitativt godt tilbod.
Studentane vil søke til dei skulane som tilbyr relevant utdanning for dei.
Det er viktig å ha breie politiske fleirtal bak såpass store omleggingar som ein tek sikte på vedkommande høgskular og universitet. Statsråden har nok merka seg at det er fleirtal for frivilligheit vedkommande framtidig struktur, og dette er også viktig for å få gode prosessar framover og få brei politiske semje omkring endringar.

Torbjørn Røe Isaksen (H)

Svar

Torbjørn Røe Isaksen: Eg viser til brev av 17. februar med spørsmål til skriftleg svar nr. 636 frå stortingsrepresentant Ingrid Heggø. Heggø spør om eg kan stadfeste at Høgskulen i Sogn og Fjordane vil kunne tilby lærarutdanning som sjølvstendig institusjon i framtida. Regjeringa har høge ambisjonar og mål for høgre utdanning og forsking. Den norske universitets- og høgskolesektoren har samla sett god kvalitet, men og ei rekkje utfordringar, særleg knytte til små, sårbare forskingsmiljø og mange spreidde, små utdanningstilbod med sviktande rekruttering. Masterutdanning for lærarar vil krevje meir av institusjonane enn tidlegare. Det er og for mange institusjonar som konkurrerer om dei same studentane og tilbyr dei same utdanningane. I dag spreier vi ressursane til forsking og høgre utdanning for tynt ut over. Regjeringa vil likevel ikkje svekkje tilgangen til høgre utdanning og legg ikkje opp til at samanslåing av institusjonar inneber nedlegging av studiestadar. Det er viktig at den tette kontakten mange av institusjonane har med sitt omland blir vidareutvikla. Høgskulen i Sogn og Fjordane er god på mange område, men står framfor ei rekkje utfordringar. Eg har signalisert at høgskulane på Vestlandet må vurdere verknaden av at det skjer store endringar knytte til for profesjonsutdanningane i andre delar av landet. Arbeidet med den framtidige strukturen i universitets- og høgskolesektoren er ikkje avslutta. Eg vil derfor kome fram til ein konklusjon på eit seinare tidspunkt.