Skriftleg spørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til kunnskapsministeren

Dokument nr. 15:684 (2014-2015)
Innlevert: 26.02.2015
Sendt: 26.02.2015
Svart på: 05.03.2015 av kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): Vil statsråden sørgje for at museumsprosjektet ved Universitetet i Bergen får finansiering slik at ein sikrar framdrifta i rehabiliteringsprosjektet og hindrar sløsing med midlar?

Grunngiving

Museumsprosjektet ved UiB er delt opp i to delar - fase 1 og fase 2. Fase 1 er rehabilitering av "sørfløyen" (aulaen). Denne er finansiert og vil stå klar hausten 2015. Fase 2 er "midtbygget" og "nordfløyen", der dei naturhistoriske samlingane er plassert. Dette prosjektet er ikkje finansiert enno, men UiB har av omsynet til samlingane vore nøydd til å stenge ned denne delen av museet. Riksrevisjonen peikte både i 2003 og 2008 på at viktige kulturelle, kunstnariske og naturhistoriske verdiar kunne gå tapt om ikkje noko blei gjort med vedlikehaldet av museumsbygningen. Rapportane peikte på behovet for omfattande tiltak om ein skulle nå ein akseptabel standard , både for bygningane og for oppbevaringsforholda. Utflyttingsprosjektet blei starta i 2012 med bakgrunn i Riksrevisjonens rapport. Fase 2 av museumsprosjektet nådde på tross av dette, ikkje opp i statsbudsjettet for 2015. Dersom det heller ikkje kjem finansiering på plass i revidert nasjonalbudsjett, vil det kunne få store konsekvensar. Ein nedrigging av byggeplassen rundt museet, for deretter å få startbevilling om eitt eller to år, vil bety at staten tapar minst fem millionar kroner på grunn av nyetablering av byggeplass. Vidare vil ein miste den kompetansen ein i dag har i byggeprosjektet, som vil vere krevjande å få tak i igjen.
Utover det vil det også bli ein ekstrakostnad for UiB på ca. fem millionar grunna ekstra husleige. I tillegg til dette, er det sjølvsagt ei stor ulempe at museet vil bli stengt ytterlegare - blant anna vil ikkje elevane i grunnutdanninga i Bergen og omland få nyte godt av desse fagleg flotte, og til dels freda samlingane.

Torbjørn Røe Isaksen (H)

Svar

Torbjørn Røe Isaksen: Kunnskapsdepartementet arbeider med fleire store prosjekt med sikte på å betre tilhøva for bygningsmassen ved universitetsmusea våre. Universitetsmuséet i Bergen er eit svært viktig nasjonalt kulturhistorisk bygg, og det er viktig for byen og regionen. Samarbeidet mellom departementet, universitetet og Statsbygg om rehabiliteringsprosjektet har vore omfattande. Riksantikvaren har også hatt ei viktig rolle i arbeidet. Fase 2 av prosjektet er ferdig prosjektert og klar for oppstart. Denne delen av prosjektet er avgjerande for å oppnå god bevaring og sikring av dei naturhistoriske samlingane ved muséet og for å gi tilgang til desse både for publikum og dei fagleg tilsette ved muséet.
I statsbudsjettet for 2015 er det gitt løyvingar til i alt sju igangsette byggjeprosjekt i universitets- og høgskolesektoren, med ei samla økonomisk ramme på meir enn 1,45 milliardar kroner. I tillegg kjem løyvingar på 210 mill. kroner til inventar og utstyr. Dei samla budsjettprioriteringane ga ikkje rom for å setje i gang fase 2 for museumsprosjektet i Bergen over statsbudsjettet for 2015. Men prosjektet har høg prioritet i Kunnskapsdepartementet og ei startløyving vil følgjeleg bli vurdert inn mot dei kommande budsjettprosessane.