Skriftleg spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:765 (2014-2015)
Innlevert: 17.03.2015
Sendt: 17.03.2015
Svart på: 25.03.2015 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Fredric Holen Bjørdal (A)

Spørsmål

Fredric Holen Bjørdal (A): Eg viser til Riksvegutgreiinga for 2015, som vart lagt fram 16. mars. Denne viser at strekninga E39 Volda-Ålesund vert særleg krevjande og dyr når ho skal gjerast ferjefri. Regjeringa har avgjort at E39 her skal gå via Hareidlandet, det såkalla Hafast-alternativet. Berre strekninga Hareid-Sulesund er anslått å koste 38 milliardar kroner.
Vil statsråden utgreie og vurdere andre traséalternativ, eller skal Hafast byggjast uansett pris?

Ketil Solvik-Olsen (FrP)

Svar

Ketil Solvik-Olsen: Bygging av ferjefri E39 er eit stort og viktig prosjekt, som har lokale, regionale og nasjonale dimensjonar. På grunnlag av ei konseptvalutgreiing der ulike korridorar er utgreidde, lokal høyring og ekstern kvalitetssikring av utgreiinga, har Regjeringa vedteke at det såkalla Hafast-alternativet skal leggjast til grunn for vidare planlegging av E39 på strekninga Volda – Ålesund.
Det har frå første dag vært kjent at det ville være store tekniske utfordringar ved å gjennomføre dei planlagde fjordkryssingane på strekninga. Følgjeleg står det att mykje utgreiingsarbeid før det kan setjast i gang vidare planlegging etter plan- og bygningslova. Det jobbast også med store teknologiprosjekt rundt prosjektet. I første omgang er Statens vegvesen derfor bedt om å gjere vidare vurderingar av aktuelle bruløysingar for kryssing av Sulafjorden. I tillegg skal det gjerast vidare vurderingar av løysingar for sambandet til Hareidlandet. Det er også svært viktig at man ser etter løysningar og tilnærmingar som kuttar kostnader. Deretter vil Samferdselsdepartementet ta endeleg stilling til kva løysingar som skal leggjast til grunn for vidare planlegging.
Riksvegutgreiinga til Statens vegvesen er ein del av grunnlaget for arbeidet med Nasjonal transportplan 2018-2027, som etter planen skal leggjast fram tidleg i 2017. Her er utfordringar og langsiktige behov for utvikling av riksvegnettet fram mot 2050 analyserte. For fleire strekningar er det lagt til grunn vesentleg høgare kostnader enn tidlegare, mellom anna for strekninga Hareid – Sulesund. Dette skuldast i hovudsak at det i riksvegutgreiinga er lagt til grunn bygging av firefelts veg, dvs. vesentleg høgare standard enn i konseptvalutgreiinga. I tillegg er det i Riksvegutgreiinga også rekna med meirverdiavgift. Dette var ikkje med i konseptvalutgreiinga då det var momsfritak for vegutbygging på dette tidspunktet.
Arbeid kring ferjefri E39 er omfattande. Det er mange utfordringar som skal finne løysningar. I forarbeida er det gjort grundige utredningar av en rekke trasealterntiv. Eg finner det lite produktivt om man nå skal byrja å utrede disse traséalternativene på nytt, slik representanten Holen Bjørdal utfordrar meg på.