Skriftleg spørsmål fra Gunhild Berge Stang (V) til kommunal- og moderniseringsministeren

Dokument nr. 15:777 (2014-2015)
Innlevert: 18.03.2015
Sendt: 19.03.2015
Svart på: 26.03.2015 av kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner

Gunhild Berge Stang (V)

Spørsmål

Gunhild Berge Stang (V): Vil ferjeavløysingsmidlar i framtida ta omsyn til den reelle kostnadsauken i ferjedrifta eller vil den årleg bli indeksregulert, og meiner statsråden det er god praksis av fylkeskommunen å rekne inn framtidige vedlikehaldsutgifter når ein utreknar kostnadene for samband?

Grunngiving

Sokn og Fjordane er eit ferjefylke og ferjene er avgjerande både for at folk kan bu i fylket og for næringslivet. Atløysambandet er eit av få vegprosjekt i Noreg som kan fullfinansierast ved å vri pengebruk frå ferjesubsidiering til bygging av veg. Historisk har utgiftene til drift av ferja til Atløy auka frå 11,6 mill. kr. i 2008 til 18,9 mill. kr. i 2010, og er planlagd til 25 mill. kr. i 2016. Ferja til Atløy var ein riksveg fram til 2010 då Sogn og Fjordane fylkeskommune tok over ansvaret. Den vanskelege økonomiske situasjonen i Sogn og Fjordane fylkeskommune hindrar Staten i å bruke pengar på eit lønnsamt vegprosjekt. Reglar for ferjeavløysingsmidlar på fylkeskommunale ferjesamband blir også opplevt av mange som uklare, det er derfor behov for klarare retningslinjer.

Jan Tore Sanner (H)

Svar

Jan Tore Sanner: I samband med handsaminga av kommuneproposisjonen for 2015, der ny kostnadsnøkkel for fylkeskommunane vart lagt fram, ønskte Stortinget at det vart greidd ut ei ferjeavløysingsordning for fylkesferjer innanfor inntektssystemet. Kommunal- og moderniseringsdepartementet og Samferdselsdepartementet ser no nærare på korleis ein kan utforme ei slik ordning. Som nevnt i statsbudsjettet vil Regjeringa kome med ei vurdering av ei ferjeavløysingsordning for fylkesvegferjer i kommuneproposisjonen for 2016, som blir lagt fram 12. mai. Eg kan difor ikkje gå nærare inn på konkret utforming no.