Skriftleg spørsmål fra Bård Vegar Solhjell (SV) til fiskeriministeren

Dokument nr. 15:808 (2014-2015)
Innlevert: 26.03.2015
Sendt: 26.03.2015
Svart på: 10.04.2015 av fiskeriminister Elisabeth Vik Aspaker

Bård Vegar Solhjell (SV)

Spørsmål

Bård Vegar Solhjell (SV): Kva konklusjonar om gruvedrift og sjømattryggleik frå Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforskning er så sensitive at regjeringa finn det naudsynt å hemmeleghalde informasjonen, og kva andre brev i elektronisk postjournal er unnteken offentligheit sjølv om dette ikkje står oppført?

Grunngiving

Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforskning (NIFES) har skrive brev til Nærings- og fiskeridepartementet med informasjon om sjømattryggleik i saka om gruvedrift og sjødeponi i Førdefjorden. Brevet er journalført 13. mars 2015. Både Naturvernforbundet og Vevring og Førdefjorden Miljøgruppe har søkt om innsyn i brevet, men fått avslag trass i at brevet i den offentlege elektroniske postjournalen ikkje er oppført som unnteke offentligheit.

Elisabeth Vik Aspaker (H)

Svar

Elisabeth Vik Aspaker: Det er gitt avslag på innsyn i fråsegn frå Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking (NIFES) i Nærings- og fiskeridepartementet si sak 14/8221 dokument nr 52, med heimel i offentleglova § 15, første ledd. Det ble gjort unntak frå innsyn i dokument som eit departement har henta inn frå eit underordna organ til bruk i den interne saksførebuinga si, for å sikre forsvarlege interne avgjerdsprosessar.
Opplysingar knytta til saksførebuinga i samband med behandling av motsegnsaka og utsleppssaka om utvinning av rutil frå Engebøfjellet, skal handterast som ei børssensitiv sak. Dermed er også dokumentet med slike opplysingar underlagt teieplikt etter verdipapirhandellova § 3-4. Med heimel offentleglova § 13 vil opplysingar som er underlagt teieplikt vere unntatt frå innsyn. Dokumenta blir unntatt offentlegheit til det er tatt avgjerder som er offentleggjort i samsvar med retningslinjene for børssensitiv informasjon.
Det faktum at dokumentet finst i offentleg postjournal gir ingen føringar for om det kan eller bør unntakast offentlegheit. Denne vurderinga blir gjort i samband med eit eventuelt innsynskrav.