Skriftleg spørsmål fra Per Olaf Lundteigen (Sp) til kunnskapsministeren

Dokument nr. 15:894 (2014-2015)
Innlevert: 21.04.2015
Sendt: 21.04.2015
Svart på: 28.04.2015 av kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen

Per Olaf Lundteigen (Sp)

Spørsmål

Per Olaf Lundteigen (Sp): Kan statsråden leggja fram ei oversikt over alle grunnskular som er lagt ned i tjueårsperioden frå 1986 til 2015 der oversikta inneheld både nedleggingsår, elevtal ved nedlegging, grunngjeving for nedlegginga, kommune og tilhøyrande estimert reisetid frå nedlagt skule til det som blei ny offentleg grunnskule for elevane på nedleggingstidspunktet?

Grunngiving

Det har dei siste åra blitt lagt ned mange skular i Noreg. Mange elevar har fått lengre reiseavstand. For betre å forstå omfanget av skulenedleggingane og konsekvensane desse har fått vert statsråden bede om å samanfatta ei slik oversikt som det ovanfor blir spurt om.

Torbjørn Røe Isaksen (H)

Svar

Torbjørn Røe Isaksen: Det er kommunane som har ansvaret for grunnskolen i Noreg. Det er kommunane si oppgåve å finne gode løysningar for skolen som er til beste for deira innbyggarar. Kunnskapsdepartementet ber difor ikkje kommunane om å rapportera på kvifor dei gjer endringar i skolestruktur eller ny reisetid for den einskilde elev.
Grunnskolanes informasjonssystem (GSI), som skolar og kommunar årleg rapporterer inn til, vart oppretta i 1992. Vi har difor ikkje tal på skolenedleggingar/ eller -opprettingar frå tida før dette. Kvaliteten på dei data som blei rapportert i GSI dei fyrste åra er av varierande kvalitet. Utdanningsdirektoratet la i 2013 fram ein rapport kor dei analyserer utviklinga i skolestrukturen dei siste 10 åra. Vurderingane i dette svaret baserer seg difor på perioden frå 2003–2014.
Det er inga klar trend som tilseier at det stadig leggast ned fleire skoler. Det er likevel fleire skoler som er lagt ned i siste halvdel av tiårsperioden enn dei første fem åra av perioden. Det er heller ingen landsdelar som skil seg ut når det gjeld nedleggingar.
Talet på skolar som vert oppretta og lagt ned varierer frå år til år, men dei siste ti åra er det i gjennomsnitt lagd ned 56 og oppretta 19 skoler i året.
Frå skoleåret 2013-14 til skoleåret 2014-15 er 49 grunnskolar lagde ned. Av desse var 42 kommunale, 1 interkommunal, 2 private, 3 fylkeskommunale og 1 statleg. Samtidig er 28 nye grunnskolar oppretta. Av desse er 12 kommunale, 14 private og 2 fylkeskommunale.
Tendensen går mot færre og større skolar i Noreg. Per 1. oktober 2014 er det 2 886 grunnskolar. Dette er 21 færre enn i 2013, og nesten 400 færre enn i 2003.
I stor grad er dette ein konsekvens av endringar i busettingsmønsteret. Det er først og fremst dei minste skolane som leggast ned. Når grunnskolar vert lagde ned, er det vanlegaste mønsteret at elevane flytter til næraste offentlege skole. (Utdanningsspeilet 2014)
Utdanningsdirektoratet gjorde i 2009 ei kartlegging blant fylkesmennene om talet på nedlagde skolar, talet på elevar som var omfatta av nedleggingane, årsaker til nedleggingar og endringar i skyss for elevar som måtte flytte fordi skolen vart lagd ned, for perioden 2007-2010. Rapportane frå fylkesmennene viste at lågt elevtal, dårleg kommuneøkonomi og ynskje om betre ressursutnytting var hovudårsakene til at skolar vart lagde ned. Ofte ein kombinasjon av dårleg kommuneøkonomi og lågt elevtal. I tillegg skuldast nokre nedleggingar dårlege og lite hensiktsmessige bygningar og utilfredsstillande pedagogisk tilbod. Undersøkinga viste at det var om lag 4 % av elevane (264 elevar) som fekk meir enn 20 km skoleveg éin veg som følgje av skolenedleggingane.
Utdanningsdirektoratet har gitt ut eit rundskriv om handsaminga av sakar om skoledeleggingar. Rundskrivet er å finne på direktoratet sine heimesider, om omtaler mellom anna at spørsmål om skolestruktur i stor grad vil angå foreldre og nærmiljø, og at skolen sitt samarbeidsutval eller foreldreråd bør få uttale seg når det gjeld slike vedtak.
Lokale folkevalde har god kunnskap om, og nærhet til, lokale forhold og er derfor dei beste til å ta avgjerder om skolestruktur.
I vedlegget til dette svaret ligg ei liste over nedlagte og oppretta skolar, med informasjon om kommunenummer og elevtal året før nedlegging.

Vedlegg til svar:

Lenke til vedlegget i xl-format