Skriftleg spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:962 (2014-2015)
Innlevert: 08.05.2015
Sendt: 11.05.2015
Svart på: 15.05.2015 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Fredric Holen Bjørdal (A)

Spørsmål

Fredric Holen Bjørdal (A): Flyruta mellom Ørsta/Volda og Oslo skal no gå frå å vere tilbodsrute til å bli kommersiell rute.
Kan statsråden avkrefte at resultatet av endringa vil bli at prisane vil gå opp og rutetilbodet vil gå ned, og i kva grad har statsråden vurdert og lagt vekt på konsekvensane for privatreisande og næringslivet på Søre-Sunnmøre?

Grunngiving

Frå 1. april 2016 blir det som følgje av at Samferdsledepartementet har valt å utelate Hovden - Oslo i tilbod på regionale flyruter i Sør-Noreg ikkje lenger statleg regulering og kjøp av flytransport på denne ruta. Dette skjer trass i at fylkeskommunen, kommunane i regionen og næringslivet tidlegare har komme med sterke protestar til forslaget då ein er uroa for at rutefrekvensen vil gå ned og prisane opp.

Ketil Solvik-Olsen (FrP)

Svar

Ketil Solvik-Olsen: Det nye anbodet på regionale ruteflygingar i Sør-Noreg er basert på eit solid fagleg grunnlag. Transportøkonomisk institutt (TØI) utarbeidde i 2014 ei rapport med forslag til anbodsopplegg som har vært på offentleg høring. Flyruta Ørsta/Volda-Oslo er i dag den anbodsruta i Sør-Noreg med flest passasjerar. Widerøe flyg i dag sju daglege avgangar, og TØI reknar med om lag 100 000 passasjerar i 2016. Staten har ifølgje regelverket for kjøp av flyruter ikkje høve til å subsidiere flyruter med stort passasjerpotensial, som kan drivast kommersielt. Formålet med statens flyrutekjøp er å sikre eit flytilbod på ruter som ikkje er bedriftsøkonomisk lønsame.
Kommersiell drift inneber at det vil være opp til flyselskapet å bestemme billettprisar og talet på avgangar. Flyselskap vil måtte prise tenestene i tråd med kva marknaden vil betale. I den vurderinga vil ein måtte ta hensyn til konkurranse frå Ålesund lufthamn. TØI har rekna med at konsekvensane vil være at prisen for forretningsreiser kan auke, samstundes som det vil bli lettare å få billett på dei mest populære avgangane. På grunn av jamt over høgt belegg på ruta vurderer TØI at det er mindre sannsynleg at ruteprogrammet til Oslo blir vesentleg redusert ved overgang til kommersiell drift.