Per Olaf Lundteigen (Sp): Kan utanriksministeren svara på kvifor ikkje norsk utanriksteneste er open på at den politiske konstruksjonen Den økonomiske og monetære union (ØMU) med den felleseuropeiske myntenheten euro, og som vidare byggjer på felles sentralbank og rente men ikkje felles finansdepartement og finanspolitikk, utgjer ein systemfeil?
Grunngiving
Den økonomiske og monetære union (ØMU) med fellesvalutaen euro er eit politisk prosjekt som det er knytt mykje prestisje til i Den europeiske union. Innan euroområdet er det ikkje nedfelt reglar for nedskriving av gjeld, noko som har gjort problema større for einskildland i eurosona. Noreg har med vår sjølvstendige valuta og som eit ikkje-unionsland høve til å problematisera den politiske konstruksjonen som ØMU er.