Skriftleg spørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til kunnskapsministeren

Dokument nr. 15:1086 (2014-2015)
Innlevert: 05.06.2015
Sendt: 08.06.2015
Svart på: 15.06.2015 av kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): Vil regjeringa endre opplæringslova og innføre "Oddamodellen" nasjonalt slik at alle elevar i ungdomsskulen får rett til opplæring på eiga målform?

Grunngiving

Odda er den einaste kommunen i Norge der elevane i ungdomsskulen har rett til tilpassa opplæring i eiga målform. I over 100 år har foreldra i Odda fritt kunne velja målform for borna sine også ut over 7.trinn i grunnskulen. Elevane går i reine bokmåls- eller nynorsk klassar. Etter opplæringslova har elevar i grunnskulen berre rett til opplæring på hovudmålet sitt i sju av tretten skuleår. Det er undervisningspersonalet, ikkje elevane, som avgjer opplæringsmålet i ungdomsskulen. I praksis tyder det at dei aller fleste elevane får storparten av undervisninga si på bokmål. Noregs Mållag har rekna ut at det er 46 kommunar i Norge med ungdomsskular der talet på nynorskelevar er så stort at dei etter lova ville ha rett til å gå i eigen klasse om dei gjekk på barneskulen. Det er kjent at overgang barneskule - ungdomsskule er ein overgang der det ofte skjer eit språkskifte, frå nynorsk til bokmål. Rett til å gå i eigen klasse, vil kunne redusere dette språkskiftet.

Torbjørn Røe Isaksen (H)

Svar

Torbjørn Røe Isaksen: Eg er kjent med modellen frå Odda kommune og det ser ut til at han har fungert godt der. Eg vil likevel ikkje pålegge andre kommunar å innføre ei slik ordning. Det må vere opp til den enkelte kommune å fatte avgjerd om dette er ei ordning som kan passe.
Det er kommunen som vedtek om ein skole skal bruke nynorsk eller bokmål i den skriftlege opplæringa. Frå 1. til og med 7. årstrinn må elevane bruke det hovudmålet kommunen har vedteke for skolen i det skriftlege arbeidet. Elevar som ønskjer skriftleg opplæring på anna hovudmål enn det kommunen har vedteke, kan ha rett til å høyre til ei eiga målformgruppe.
Frå og med 8. årstrinn vel elevane sjølv om dei vil bruke bokmål eller nynorsk i dei skriftlege arbeida sine, jf. opplæringslova § 2-5 fyrste ledd. Læreplanane og kompetansemåla i norskfaget er utforma uavhengig av kva målform skolen og eventuelt elevane har valt. Vurderinga og karakterane vil knytte seg til den målforma eleven har valt i arbeidet sitt. Dei to siste åra på grunnskolen skal elevane dessutan ha opplæring i begge målformer. Læreplanen for norskfaget legg dessutan opp til at elevane allereie etter 2. årstrinn skal arbeide med å bli kjent med begge målformer gjennom lytting og samtale.
Samla sett meiner eg at opplæringslova og læreplanane er godt eigna til å ivareta dei behova og ønska elevane har for opplæring i eiga målform og gir eit godt grunnlag for meistring av begge målformene.