Skriftleg spørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til helse- og omsorgsministeren

Dokument nr. 15:1200 (2014-2015)
Innlevert: 22.06.2015
Sendt: 23.06.2015
Svart på: 02.07.2015 av helse- og omsorgsminister Bent Høie

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): Kan statsråden gjere greie for status for arbeidet med å fremme helsevennleg stads- og nærmiljøutvikling, og kva for eit tidsperspektiv som ligg til grunn for fordeling av desse midlane til kommunane?

Grunngiving

I statsbudsjettet for 2015 blei om lag 36 millionar kroner som tidlegare gikk til fysisk aktivitet i regi av frivillige organisasjonar gjennom post 73 Fysisk aktivitet, flytta på. 20,9 millionar kroner blei flytta til kap. 1420, post 78 til friluftsaktivitet i regi av friluftsråd, lag og organisasjonar. Dei resterande midlane blei flytta til kap. 719, post 60, til utviklingsarbeid i kommunar med sikte på å styrke faktorar i miljø og lokalsamfunn som fremmer folkehelse. Som det går fram av Helse- og omsorgsdepartementet sitt tildelingsbrev til Helsedirektoratet, er det Helsedirektoratet som har fått i oppgåve å fordele desse midlane til kommunane. Heilt konkret skal:

"...tildelinga gå til utviklingsarbeid for å fremme helsevennlig steds- og nærmiljøutvikling. utviklingsarbeidet knyttes opp mot oversiktsbestemmelsen i folkehelseloven, jf. § 5c. Direktoratet skal utarbeide en prosjektplan for utviklingsarbeidet der mål og delmål, tidsperspektiv, utvalg av kommuner, samarbeidspartnere, opplegg for evaluering, veiledning og erfaringsoverføring inngå. Deler av tildelingen skal gå til utviklingsarbeid for å fremme folkehelseperspektivet i bolig-, areal- og tranpsortsplanlegging i et samarbeid med berørte departementet og direktorater."

Bent Høie (H)

Svar

Bent Høie: Nærmiljøet og lokalsamfunnet må ha kvalitetar som gjer ei aktiv, sosial og trygg livsutfalding mogleg for alle. Gode nærmiljø og lokalsamfunn betyr mykje for trivsel, for sosialt samvær og for god fysisk og psykisk helse. Nærmiljø- og lokalsamfunnsutvikling er derfor løfta fram som utviklingsområde i folkehelsepolitikken, jf. Meld. 34 S (2012-2013) og Meld. 19. S (2014-2015). Vår ambisjon er at vi i større grad kan sette menneske og menneske sine behov i sentrum for planlegging og samfunnsutvikling. Dette er viktig for å legge til rette for sunne valg, og det er viktig for å skape vilkår for gode liv for menneske i alle aldrar.
Utviklingsarbeidet som representanten Kjersti Toppe omtaler er eit ledd i dette arbeidet. Som det går fram av Helse- og omsorgsdepartementet sitt tildelingsbrev til Helsedirektoratet for 2015, har direktoratet fått i oppdrag å planlegge og gjennomføre utviklingsarbeidet innafor rammer som er lagt i statsbudsjettet for 2015.
Helsedirektoratet har utarbeidd ein prosjektplan for eit utviklingsarbeid om nærmiljø og lokalsamfunn som fremjar folkehelse. Utviklingsarbeidet skal etter planen gå over tre år og inkludere eit utval kommunar i fleire fylke. Det skal leggjast til rette for medverknad frå innbyggarene i kartlegging og identifisering av nærmiljø- og lokalsamfunnskvaliteter som fremmer helse og trivsel. Arbeidet er forankra i folkehelselova § 5c om faktorar i nærmiljø og lokalsamfunn som kan ha positiv eller negativ verknad på folkehelse. Målet er at kvalitative data skal supplere kommunane si oversikt over helsetilstand og faktorar som påverkar helse som kunnskapsgrunnlag for kommunale planprosessar og for konkrete tiltak i samsvar med lokale folkehelseutfordringar.
I mai vart det sendt invitasjonsbrev til fylkeskommunane med svarfrist 15. august 2015. Det er lagt opp til at minst tre kommunar frå kvart av dei fylka som vert med skal delta i utviklingsarbeidet. Tilskott vert fordelt til kommunane via fylkeskommunane. Vidare vert det lagt opp til bruk og utvikling av egna metodar for medverknad i samarbeid med mellom andre Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Kompetansebygging og evalueringsopplegg vert gjort i samarbeid med regionale forskings- og utdanningsinstitusjonar.
Vi kan planlegge betre, tilrettelegge betre, og vi kan skape trivelege nærmiljø med sosiale møteplassar og som fremjar fysisk aktivitet og livsutfalding. Ein av føresetnadene for å få dette til er å involvere befolkninga sjølv i arbeidet med å gi svar på kva folk i ulike aldrar og frå ulike grupper meiner betyr mest for helse og trivsel.