Skriftleg spørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1244 (2014-2015)
Innlevert: 30.06.2015
Sendt: 30.06.2015
Svart på: 06.08.2015 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): Vil statsråden bidra til at det vert mogleg å setje opp skilt som viser til destinasjon Rosendal og Baroniet, i Jøsendalkrysset og andre relevante knutepunkt på E134?

Grunngiving

Baroniet i Rosendal er eit viktig lokalt, regionalt og nasjonalt turist- og reisemål. Baroniet Rosendal opplever som ein stor ulempe at skiltet i Jøsendalkrysset på E134, som viste til Baroniet og til Rosendal, er tatt bort.

Ketil Solvik-Olsen (FrP)

Svar

Ketil Solvik-Olsen: Visningsmål langs riksvegnettet er fastsett i visningslistene for riksveg for å oppnå heilskapleg og kontinuerleg skilting på riksvegane. Listene er likevel vanskelege å framstille uttømmande – det må også brukast noko skjøn ved planlegging av skilta i kvart enkelt kryss.
Det føreligg ikkje oppdaterte visningslister for fylkesvegane i Hordaland som er tilpassa endringane etter forvaltningsreforma og endra reisemønster som fylgje av fleire større veganlegg (Folgefonntunnelen, Jondalstunellen, Hardangerbrua). Derfor er det nyleg nedsett ei gruppe som skal vurdere justeringar av vegruter/vegnummer og visningsmål. Det skal vere lokal/politisk medverknad ved utarbeiding av visningsplanar/visningslister, og fylkeskommunen avklårar i desse dagar på kva måte dei vil vere representert i gruppa. Resultatet av arbeidet må på høyring før det vert gjort gjeldande. Eg legg til grunn at skiltinga til Rosendal og Baroniet i Rosendal vil bli handsama i dette arbeidet.
Som eit mellombels tiltak, frem til arbeidet med å utarbeide visningslister er fullført, vil skiltet i Jøsendalkrysset på min oppmoding bli sett opp igjen.