Skriftleg spørsmål fra Per Olaf Lundteigen (Sp) til kommunal- og moderniseringsministeren

Dokument nr. 15:1332 (2014-2015)
Innlevert: 21.08.2015
Sendt: 21.08.2015
Svart på: 31.08.2015 av kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner

Per Olaf Lundteigen (Sp)

Spørsmål

Per Olaf Lundteigen (Sp): Eg viser til artikkelen "Slik hjelper myndighetene mennesker uten lovlig opphold til å få jobb og trygderettigheter" publisert på TV2.no 28. juli 2015. I ingressen står det: "Utlendinger uten lovlig opphold bruker skattekort som smutthull for å få seg bankkonto og trygderettigheter."
Kan statsråden med det overordna ansvaret for IKT- og forvaltningspolitikk garantera at denne og tilsvarande systemfeil som kjem av manglande samsnakking mellom ulike offentlege etatar blir retta opp innan året er omme?

Grunngiving

Systemfeilen som TV2 omtalar utgjer ein alvorleg brest i bolverket mot ulovleg innvandring til kongeriket. Det er særs uheldig at den eine handa til styresmaktene ikkje veit kva den andre gjer. Norske lover fastsett av Stortinget blir slik undergreve av den utøvande makta. Det påkviler regjeringa eit stort ansvar å retta opp slike systemfeil.

Jan Tore Sanner (H)

Svar

Jan Tore Sanner: Denne saka syner kor viktig arbeidet med informasjonsforvaltning er. Det er viktig med god informasjonsforvaltning internt i etatane, og det er viktig med gode rammer og rutinar for utveksling etatane i mellom. KMD jobbar med dei naudsynte rammevilkåra for informasjonsforvaltning. Det er likevel viktig å peike på at ansvaret for oppfølginga av dette ligg under dei respektive departementa. KMD vil i si rolle som samordningsdepartement sjå på korleis ein best kan handsame dei felles utfordringane ved informasjonsforvaltning.
I saka representanten viser til, er det Skatteetaten som har myndigheitsansvar for å ferde ut skattekort. Finansdepartementet har lagt til grunn at det er ein uheldig praksis at arbeids- og opphaldsløyve ikkje vert kontrollert før ein ferdar ut skattekort. Difor oppmoda departementet i eit brev til Skattedirektoratet av 29. juli 2015 at Skattedirektoratet i samarbeid med UDI går gjennom rutinane for kontroll av arbeids- og opphaldsløyve ved utferding av skattekort.
Det er i utgangspunktet ingen føresetnad i skattelova for at ei lønnsinntekt skal vere lovleg opptent for å vere skattepliktig. Det betyr at ei inntekt opptent av ein person utan gyldig arbeidsløyve, er skattepliktig til Noreg.
Finansdepartementet kan i forskrift gi nærare reglar til utfylling av skattebetalingslova sine reglar om skattekort. Forskriftsmyndigheita er delegert til Skattedirektoratet. Skattedirektoratet tar sikte på å endre skattebetalingsforskrifta slik at det blir eit vilkår for å få utskreve skattekort at skattytar har gyldig opphalds- og arbeidsløyve.
Utlendingsdirektoratet utviklar òg ei løysning som skal gi betre utveksling av opplysningar mellom UDI og Skatteetaten om opphaldsstatus. Den nye løysinga skal etter planen vere på plass hausten 2015. Skatteetaten skal då kunne undersøkja om skattytar har gyldig opphalds- og arbeidsløyve på ein enklare og sikrare måte før etaten skriv ut skattekort. Samstundes som dette arbeidet vert sluttført, vil Skatteetaten innføre kravet om at ein person må ha gyldig opphalds- og arbeidsløyve for at dei skal kunne få utskreve eit skattekort.
Samhandling mellom offentlege etatar på IT-området er komplekst, og det vil til ei kvar tid vere utfordringar av teknisk, juridisk og forvaltningsmessig karakter som fører til risiko for systemsvikt. Likevel er dette eit område som vert prioritert høgt, og vi jobbar systematisk for å redusere risikoen for systemsvikt.