Skriftleg spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til utenriksministeren

Dokument nr. 15:1431 (2014-2015)
Innlevert: 11.09.2015
Sendt: 14.09.2015
Svart på: 21.09.2015 av utenriksminister Børge Brende

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Kan statsråden stadfeste at Attac sine opplysningar er korrekte, er det andre land som vurderer å trekkje seg frå forhandlingane, og er han kjend med kva moment det er som ligg i utkastet til TISA-avtale som regjeringa i Uruguay ikkje vil støtte?

Grunngiving

Attac skriv på sine heimesider tysdag 8. september at regjeringskoalisjonen Frente Amplio (FA) førre helg avgjorde å trekkje landet frå forhandlingane kring TISA-avtala. I følgje Attac, står det i resolusjonen som blei lagt fram at innhaldet i TISA-avtala ikkje kan sameinast med det politiske programmet regjeringa har blitt vald på.

Børge Brende (H)

Svar

Børge Brende: Eg kan stadfeste at Uruguay har meldt frå om at dei ikkje lenger ønskjer å delta i TiSA-forhandlingane. Bakgrunnen for dette er ein resolusjon som er vedteken av sentrum-venstre- alliansen Nacional del Frente Amplio.
Resolusjonen viser til ei overordna politisk vurdering og har ingen referansar til spesifikke element i utkastet til TiSA-avtale. Utover dette kjenner eg ikkje til dei konkrete vurderingane Uruguay har gjort.
Når det gjeld andre land, har USA, som for tida har sekretariatsfunksjonen i TiSA, nyleg informert om at Paraguay ikkje lenger vil delta i TiSA-forhandlingane.