Skriftleg spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til arbeids- og sosialministeren

Dokument nr. 15:41 (2015-2016)
Innlevert: 06.10.2015
Sendt: 07.10.2015
Svart på: 14.10.2015 av arbeids- og sosialminister Robert Eriksson

Fredric Holen Bjørdal (A)

Spørsmål

Fredric Holen Bjørdal (A): Vald og truslar i arbeidslivet er eit aukande problem, og det er stort behov for førebyggande tiltak. Arbeidarpartiet har føreslege i Stortinget å innføre ei forskrift til arbeidsmiljølova som skal bidra til å førebyggje vald og truslar mot arbeidstakarar. Dette er støtta i merknadsform av ein samla arbeids- og sosialkomité.
Vil statsråden ta initiativ til å få på plass ei slik forskrift, og kva andre tiltak vil regjeringa setje i verk for å sikre eit tryggare arbeidsmiljø for arbeidstakarar i valds- og trusselutsette yrke?

Grunngiving

Eg viser til Stortinget si Innst. 174 S (2014-2015), der ein samrøystes arbeids- og sosialkomité uttalar i sine merknadar at det kan vere behov for ei presiserande forskrift til dagens arbeidsmiljølov om vald og truslar i arbeidslivet.

Robert Eriksson (FrP)

Svar

Robert Eriksson: Arbeidstilsynet har, i samarbeid med partane i arbeidslivet, drøfta utforminga av nye føresegner om vald og trugsmål om vald, og arbeider no med eit høyringsnotat om dette. Når det gjeld andre tiltak for å sikre eit tryggare arbeidsmiljø for arbeidstakarar i valds- og trusselutsette yrke, vil eg nemne Arbeidstilsynet si rolle. Arbeidstilsynet har gjennom sitt tilsyn i lang tid vore oppteken av denne problemstillinga. Førebygging av vald og truslar vil til neste år vere ei av Arbeidstilsynet sine sju hovudprioriteringar. Arbeidstilsynet vil i den samanheng særleg ta for seg arbeidssituasjonen for fengselstilsette og tilsette i barnevernsinstitusjonar. I tillegg kan det komme regionale prioriteringar også for andre yrkesgrupper og næringar ut frå risikosituasjonen, til dømes kan dette gjelde for vektarar.