Skriftleg spørsmål fra Hadia Tajik (A) til justis- og beredskapsministeren

Dokument nr. 15:56 (2015-2016)
Innlevert: 12.10.2015
Sendt: 12.10.2015
Svart på: 16.10.2015 av justis- og beredskapsminister Anders Anundsen

Hadia Tajik (A)

Spørsmål

Hadia Tajik (A): Kvifor skal det nasjonale analyse- og etterretningssenteret mot økonomisk kriminalitet som er omtala på s. 87 i Prop. 1 S (2015-2016) leggjast til POD, og ikkje Økokrim?

Anders Anundsen (FrP)

Svar

Anders Anundsen: Utvikling og etablering av eit nasjonalt analyse- og etterretningssenter er eit svært viktig tiltak for å forsterke innsatsen i kampen mot økonomisk kriminalitet.
Finansdepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet arbeider saman om dette tiltaket. Det er sendt eit felles oppdragsbrev til Skatteetaten og Politidirektoratet om utgreiing av korleis eit slikt senter kan organiserast og etablerast.
Spørsmålet om kvar senteret skal plasserast er ikkje avgjort – i oppdragsbrevet står det følgjande om dette: «Utredningen skal inneholde en begrunnet anbefaling om hvor senteret bør være lokalisert, herunder hvilket organ det bør underlegges administrativt, og hvordan det bør være organisert og bemannet.»
Utgreiinga er venta i desember, og vil deretter bli behandla i begge departementer. Senteret skal etter planen vere i drift første kvartal 2016.