Skriftleg spørsmål fra Hadia Tajik (A) til kommunal- og moderniseringsministeren

Dokument nr. 15:96 (2015-2016)
Innlevert: 22.10.2015
Sendt: 22.10.2015
Svart på: 29.10.2015 av kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner

Hadia Tajik (A)

Spørsmål

Hadia Tajik (A): Vil statsråden sikra at ytringsfridom vert ein del av folkevaldopplæringa, som alle folkevalde på kommune- og fylkesnivå no skal gjennom?

Grunngiving

I Sosiologisk tidskrift Nr 1-2, 2015 kan me lesa at Sissel C. Trygstad, forskar ved Fafo, i rapporten "Ytringsfrihet i arbeidslivet" mellom anna skriv om politikarar si vurdering av kor akseptabelt det er at tilsette seier meininga si offentleg. Mellom anna syner rapporten at på spørsmålet: «Synes du det er akseptabelt at arbeidstakere benytter media og lignende for å kritisere kommunen der de jobber?», svarer 60 % av politikarane nei. Og på spørsmålet: «Synes du det er akseptabel at arbeidstakere deltar i demonstrasjoner eller markeringer mot kommunen der de jobber?», svarer 36 % nei.
Dette er eit problem primært av to årsaker: For det fyrste avdi ytringsfridom er ein grunnleggjande menneskerett, som er heimla i grunnlova. Det skal svært sterke grunner til før ein har lov å redusera denne retten. For det andre avdi ein god kultur for openheit og ytringar på arbeidsplassen gjer tenestene og organisasjonane betre. Om dei som kjenner tilhøva best, ikkje skal kunna nytta kunnskapen sin, og peika på områder som kan betrast, vert tenestene dårlegare.
Kommune- og fylkestingsmedlemmene har det formelle arbeidsgjevaransvaret. Kunnskap om lovverket for ytringsfridomen til dei tilsette vil vere viktig for at dei kan ivareta rolla si på ein god måte.

Jan Tore Sanner (H)

Svar

Jan Tore Sanner: Eg er samd med representanten Tajik i at det er viktig at dei folkevalde er bevisste om rolla som øvste arbeidsgjevar i kommunen og fylkeskommunen. Som eg tidligare har uttala, mellom anna i Stortinget 26. november 2014, bør kommunane arbeide for å skapa ein kultur for openheit og eit godt klima for ytringar. Ein open kultur og god dialog mellom administrasjon og politikk, legg som representanten Tajik seier, grunnlag for at tenestene og organisasjonen blir utvikla på grunnlag av røynslene til dei som kjenner tilhøva best i kvardagen. Kommunane bør derfor leggje til rette for at tilsette er kjent med og kan nytte ytringsfridomen sin, også på deira eigne fagområde. Kommunane kan ikkje vedta reglement eller gjere andre handlingar som er ulovlege avgrensingar av ytringsfridomen. Dette temaet har vore, og vil i framtida vere, ein del av dialogen departementet har med KS om etikkarbeidet i kommunane.
Når det gjeld folkevaldopplæringa representanten Tajik viser til, reknar eg med at ho meiner folkevaldopplæringa til KS. Dette er ein del av deira folkevaldprogram. Programmet inneheld fire dagar gratis program som KS tilbyr alle kommunar og fylkeskommunar etter valet. Meir om programmet finnas her: http://ks.no/fagomrader/samfunn-og-demokrati/lokaldemokrati-og-folkevalgt/ks-folkevalgtprogram/. Her finn ein også boka "Tillit – Folkevalgt i kommunen og fylkeskommunen" som blir sendt til alle folkevalde i kommunane og fylkeskommunane etter valet.
Innhaldet i folkevaldopplæringa og boka er noko KS sjølv fastset. Innhaldet er utarbeidd med bakgrunn i den breie erfaringa og kompetansen KS har om kva dei folkevalde er opptekne av og har mest behov for å lære om. Korkje eg eller departementet har noko ansvar eller rolle med omsyn til innhaldet i folkevaldprogrammet til KS. Me kan heller ikkje påleggje KS at tilsette si ytringsfridom eller andre tema skal vere ein del av programmet.