Skriftleg spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til arbeids- og sosialministeren

Dokument nr. 15:109 (2015-2016)
Innlevert: 26.10.2015
Sendt: 26.10.2015
Svart på: 03.11.2015 av arbeids- og sosialminister Robert Eriksson

Fredric Holen Bjørdal (A)

Spørsmål

Fredric Holen Bjørdal (A): Kva konkret vil statsråden gjere for å møte utviklinga med fleire alvorlege hendingar med personskader på norsk sokkel i 1.halvår 2015, og vil statsråden ta konkrete grep for å avgrense den auka risikoen som kan følgje av fleire inn leigde arbeidstakarar og utvida høve til mellombelse tilsetjingar?

Grunngiving

Prop. 1 S (2015 – 2016) viser til at frekvensen for alvorlege personskadar på norsk sokkel synte ei svak auke i 2014, og at det 1. halvår 2015 var fleire alvorlege hendingar med personskadar på norsk sokkel. I proposisjonen blir det framheva at dei siste åra har vist at entreprenørtilsette og inn leigde arbeidstakarar er meir risikoutsette, samtidig som dei i mindre grad får tilbod om oppfølging og tilrettelegging.

Robert Eriksson (FrP)

Svar

Robert Eriksson: Det er svært viktig å vere merksam når det kjem indikasjonar på negativ utvikling i ulykkesstatistikken. Det er derfor desse indikasjonane er omtala i Prop. 1 S (2015 – 2016).
På tross av ei elles god utvikling i ulykkesstatistikken til og med 2014, har det vore fleire alvorlege hendingar i byrjinga av 2015. Petroleumstilsynet har granska eller på annan måte følgd opp desse hendingane, og kan ikkje finne noko som tyder på at dei har samanheng med omfang av mellombels tilsetjing eller innleigd personell. Det er heller ikkje mogleg å seie om eller i kva grad desse hendingane er knytta til kostnadspress og nedbemanning i bransjen.
Endringane i reglane om mellombels tilsetjing i arbeidsmiljølova blei gjort gjeldande frå andre halvår 2015. Det er derfor for tidleg å seie noko om moglege effektar av desse endringane. Dei kan først analyserast etter data og informasjon som blir rapportert inn i løpet av 2015.
Det er elles grunn til å merke seg at frekvensen av alvorlege personskadar har hatt ei positiv utvikling dei siste åra. Overvakingsverktøyet Risikonivå norsk petroleumsvirksomhet (RNNP) viser frekvensen no er på om lag ein fjerdedel samanlikna med byrjinga av 2000-talet.
Tala viser at andelen mellombels tilsette i petroleumsverksemda er låg og har lege mellom ca. 3,5 % til 4 % dei seinare åra. Andelen mellombels tilsette er tilnærma lik blant entreprenør- og operatørtilsette. Andelen mellombels tilsette ligg på eit stabilt nivå, som historisk sett er lågt. Tala, som baserer seg på data frå 2013, viser også at 5,5 % av dei midlertidig tilsette har vore utsette for ei arbeidsulykke, medan tilsvarande tal for fast tilsette er 5,1 %. Denne skilnaden er ikkje vurdert som statistisk signifikant.
Petroleumstilsynet har i år følgd opp risikoutsette grupper og effektar av endra rammebetingelsar som følgje av nedbemanning, kostnadspress og effektiviseringsprosessar. Dei same områda vil også bli prioritert i 2016.
Sjølv om tala frå RNNP 2014 viser god utvikling på fleire område, har det vore ein negativ start på 2015. Eg ser svært alvorleg på dette og vil sørge for at Petroleumstilsynet følgjer utviklinga nøye.