Skriftleg spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til utenriksministeren

Dokument nr. 15:227 (2015-2016)
Innlevert: 18.11.2015
Sendt: 18.11.2015
Svart på: 25.11.2015 av utenriksminister Børge Brende

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Når vil regjeringa svare på sivilsamfunnsorganisasjonane sine 2015-søknader om midlar under kapittelpost 164.72, Utvikling og nedrusting?

Grunngiving

Midlar frå kapittelpost 164.72 på Statsbudsjettet, Utvikling og nedrusting, har gjennom fleire år vore eit viktig bidrag til sivilsamfunnet si innsats for å informere om atomvåpen sine humanitære konsekvensar og behovet for eit internasjonalt forbod. Ei rekkje sentrale, internasjonale sivilsamfunnsaktørar innan arbeid med kjernefysisk nedrusting, som International Campaign to Abolish Nuclear Weapons (ICAN), International Physicians for the Prevention of Nuclear War (IPPNW), Article 36, Reaching Critical Will og Norsk Folkehjelp, har likevel per 13. november 2015 fortsatt ikkje fått svar frå Utanriksdepartementet på sine søknader om midlar utlyst i 2015.

Børge Brende (H)

Svar

Børge Brende: For 2015 er det forplikta og utbetalt 50 millionar kroner under tilskotsordninga «Utvikling og nedrustning». Dette omfattar mellom anna støtte til sivilsamfunnet sin innsats for å informere om atomvåpen sine humanitære konsekvensar og deira innsats for avskaffing av atomvåpen.
Nysalderinga vart behandla i statsråd 20. november. På grunn av auka utgifter til nyankomne asylsøkarar på 1,7 milliardar har det vore behov for inndekning. Av tilleggsbehovet er 608 millionar kroner foreslått finansiert ved auke i bistandsramma, resterande beløp ved omfordeling av om lag 1 milliard kroner under Utanriksdepartementet sitt budsjett. Av dette er det foreslått ein reduksjon på 34,5 millionar kroner på post 164.72. Forslaget medfører mellom anna at det ikkje kan setjast i verk nye tiltak innanfor nedrustnings- ikkje-spreiings- og fredeleg bruk-feltet utover det som er forplikta og igangsett.