Skriftleg spørsmål fra Hadia Tajik (A) til justis- og beredskapsministeren

Dokument nr. 15:229 (2015-2016)
Innlevert: 18.11.2015
Sendt: 18.11.2015
Svart på: 24.11.2015 av justis- og beredskapsminister Anders Anundsen

Hadia Tajik (A)

Spørsmål

Hadia Tajik (A): Kva er årsaka til at kvinner i prostitusjon må oppgje bustadsadresse dersom dei vil anmelde t.d. ran, vald eller overgrep, og ser statsråden at ein slik praksis kan være til hinder for at politiet klarer å oppklare og avverge nye kriminelle handlingar?

Grunngiving

Mange kvinner i prostitusjon lev ilag med andre kvinner i same situasjon, der somme kan ha opphaldsløyve, andre ikkje. Det er difor krevjande for mange å oppgje bustadsadresse til politiet når dei vil anmelde overgrep, av di somme frykter at politiet då vil hente og sende ut kvinner utan opphaldsløyve som bur på same adresse. Kvinnene risikerer òg å verte kasta ut dersom bustaden kan knytast til hallikverksemd. Det gjer at somme prostituerte ikkje tør melde vald og overgrep til politiet, noko som gjer at dei kan oppleve at dei ikkje har reelt høve til å få hjelp frå politiet i slike situasjonar. Då kan dei verte svært sårbare for ran, vald og overgrep.

Anders Anundsen (FrP)

Svar

Anders Anundsen: Alle som melder straffbare handlingar må oppgje namn og bustad og må vidare godta at politiet kan ha relevante og inngåande spørsmål om livet deira. Dette kan føre til at nokon unnlet å melde straffbare handlingar når dei har noko dei ynskjer å halde skjult for politiet. Manglande samarbeid frå fornærma gjer at mange straffbare handlingar ikkje vert melde eller at saka må leggast bort.
Utanlandske statsborgarar må vera innstilt på at politiet undersøker grunnlaget for opphaldet deira i Norge om dei er blanda inn i ein straffesak, enten som meldar eller som fornærma.
Utanlandske kvinner i prostitusjon blir i noen tilfeller utsett for vald og truslar. Om dei melder straffbare handlingar skal dei behandlast av politiet på same måte som andre.
Politiet er sett til å handheve halliklovgjevinga, straffebodet mot menneskehandel og forbodet mot kjøp av sex. Regelverket er basert på at lovgjevar ser på prostitusjon som eit uønska fenomen, og det er ønskeleg å stoppa alle former for organisering av verksemda. Politiet sine oppgåver i møte med mennesker i prostitusjon er difor samansette og krevande.
Som eit førebyggande tiltak mot etablering av bordell dreve av utanlandske menneskehandlarar, handhever til dømes politiet i Oslo straffelova sitt forbod mot å leige ut lokal til bruk i prostitusjon. Personar som driv prostitusjonsverksemd fra leigde leiligheiter risikerer å bli oppsagt, sidan utleigar kan pådra seg straffeansvar utifrå gjeldande lovverk.
Det er beklageleg om personar av frykt for politiet sine reaksjonar unnlet å melde straffbare handlingar dei vert utsett for. Hjelpetiltak som driv oppsøkande teneste har ei viktig oppgåve i å gje råd til utanlandske personar i prostitusjon som kan bidra til at dei som har utsette dei for vald blir straffa.