Skriftleg spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til næringsministeren

Dokument nr. 15:453 (2015-2016)
Innlevert: 20.01.2016
Sendt: 21.01.2016
Svart på: 28.01.2016 av næringsminister Monica Mæland

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): Innovasjon Noreg sa på møte med Rogalandsbenken 12. januar at løyvingane til etablerartilskot ville bli lågare i Rogaland i 2016 enn det dei var i 2015. I spørjetimen 20.01.16 virka statsråden overraska over denne informasjonen.
Stemmer opplysningane, og vil statsråden i så fall ta naudsynte grep for å unngå at løyvingane til etablerertilskot går ned i Rogaland?

Monica Mæland (H)

Svar

Monica Mæland: Sidan regjeringa tiltredde har rammene til ulike verkemiddel innan forsking- og innovasjon blitt vesentleg styrka for å oppretthalde økonomisk vekst og sysselsetting. Blant anna blei det i 2015 gitt ei ekstraløyving på 100 mill. kroner til omstillingstiltak for Sør- og Vestlandet. I statsbudsjettet for 2016 er det sett av midlar til ein særskild tiltakspakke for auka sysselsetting på om lag 4 mrd. kroner til ulike tiltak, også innanfor forsking og innovasjon.
I 2013 blei det utbetalt 18,8 mill. kroner totalt i etablerertilskot i Rogaland. I 2014 blei det utbetalt 31,8 mill. kroner, og i 2015 59 mill. kroner.
Den landsdekkjande ramma for etablerertilskot har aldri vore større enn det den er i 2016. Den endelege fordelinga av midlar frå etablerertilskotsordninga mellom dei ulike fylka avheng av søknadstilgang, kvalitet og potensialet i prosjekta. Innovasjon Noreg gjer kontinuerleg vurderingar av kvar behovet for dei ulike verkemidla er størst. Om situasjonen er slik at behovet for etablerertilskot er størst i Rogaland også i 2016, vil den auka ramma til ordninga tilseie at tilsegnene til Rogaland venteleg vil auke ytterlegare i 2016.