Liv Signe Navarsete (Sp): Kan statsråden gjere greie for kor mange i det norske forsvaret som etter den aktuelle innleveringa av våpen framleis vil sitje att med våpen tilgjengeleg på kort varsel, korleis ser statsråden dette i lys av at den svenske armesjefen beskriv eit scenario der Sverige kan hamne i krig i løpet av dei komande åra, og kan statsråden gjere greie for kor mange mann Forsvaret hadde tilgjengeleg med våpen 9. april 1940 då det er kjent at det også vart nytta ein stor grad av sentrale våpenlager i Forsvaret?
Grunngiving
Aftenposten skreiv onsdag 20. januar at Forsvaret beordrar soldatar og offiserar til å levere inn pistolane sine, sidan Forsvaret no har eit akutt behov for å spare pengar. I følgje avisa må sjølv offiserar og soldatar frå Hærens hurtige reaksjonsstyrke levere inn sine Glock pistoler. Eit firesifra tal pistoler må i følje avisa vere innlevert innan 1. februar.
Aftenposten viser torsdag 28. januar til ein artikkel i Expressen, der Expressen har fått tilgang på et dokument som involverer armésjef Anders Brännström, før eit møte mellom svensk forsvarsleiing og politisk leiing i Boden i Norrbotten 3. februar. I følgje Aftenposten står det mellom anna i dette dokumentet at «den sikkerhetspolitiske situasjonen som vi opplever og som fremgår av inriktningsbeslutet leder til konklusjonen om at vi i løpet av noen år kan være i krig.»