Skriftleg spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:583 (2015-2016)
Innlevert: 11.02.2016
Sendt: 11.02.2016
Svart på: 24.02.2016 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): Det har no kome fram at regjeringa ikkje har nytta prisen for firefeltsveg på E39 mellom Kristiansand og Sandnes då ein vurderte kostnadane til prosjekta dei la inn i det nye vegselskapet.
Kan statsråden love at det er firefeltsveg med fartsgrense 110 km/t mellom Kristiansand og Stavanger innan år 2036?

Grunngiving

Statsråden varsla på NRK Debatten at Vegselskapet skulle bli tilført 5 milliardar kroner årleg kvart år frå 2016. Statsbudsjettet for 2016 viste at ein berre innfridde ein brøkdel av dette i fyrste året og det vart og varsla at løyvinga til Nye Veier AS i 2017 vil verte monaleg lågare enn 5 milliardar.
No har det i tillegg kome fram at regjeringa har lova ein vegstandard på E39 bygd for fartsgrense 110 km/t. Når regjeringa har berekna kostnadane for vegen har dei nytta ein lågare vegstandard med heilt andre kostnader til bygging.

Ketil Solvik-Olsen (FrP)

Svar

Ketil Solvik-Olsen: Mi målsetting er firefelts motorveg med 110 km/t fartsgrense mellom Kristiansand og Stavanger. Men erfaring frå valet 2015 visar at andre parti har andre prioriteringar, og fleire stadar har raudgrønne konstellasjonar føreslått lågare fart og færre felt. Eg har også merka meg at Arbeiderpartiets førre transportpolitiske talskvinne i media argumenterte for at Ålgårdbanen burde prioriteras før motorveg mellom Stavanger og Kristiansand. Kva for vegar som står ferdig i 2036 vil difor avhenge av prioriteringar som gjerast av politikarar i åra framover.
Dagens regjering legg til rette for å byggje fergefri E39. For å ha høg framdrift på dette prosjektet, og andre prosjekt, har løyvingane til planlegging dei siste åra vore rekordhøge. For jernbane og veg er samla planleggingsnivå nesten firedobla, samanlikna med siste budsjettforslag frå førre regjering, kor representanten Pollestad var statssekretær. Denne veksten syner at dagens regjering både har store ambisjonar og vilje til gjennomføring av viktige samferdsle prosjekt.
Ny E39 frå Kristiansand til Stavanger er ein del av denne satsinga som skal byggast ut av Nye Veier AS, og har høg prioritet. For denne strekninga låg det frå førre regjering ei avgjerd om at det skulle byggast ut med to og tre felt, med noko firefelts veg i kvar ende. Eg har bede om at det blir planlagt for fire felt på heile strekninga. Eg vil samstundes minne om at for store delar av denne strekninga vart det ikkje lagt planar om utbygging i inneverande Nasjonal transportplan, for åra 2014-2023.
Den sitjande regjeringa har altså både betre framdrift og høgare ambisjonar for vegen mellom Kristiansand og Stavanger enn noko annan regjering har hatt.