Skriftleg spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til næringsministeren

Dokument nr. 15:609 (2015-2016)
Innlevert: 16.02.2016
Sendt: 16.02.2016
Svart på: 23.02.2016 av næringsminister Monica Mæland

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Kan statsråden gjere greie for innhaldet i avtalane og kvifor regjeringa valde å si opp desse avtalane med Singapore og Malaysia?

Grunngiving

Noreg hadde to bilaterale investeringsavtalar med Indonesia og Malaysia, som var sagt opp medan Høgre satt i regjering i perioden mellom 2001 og 2005.

Monica Mæland (H)

Svar

Monica Mæland: Eg legg til grunn at spørsmålet gjeld dei oppsagde avtalane med Indonesia og Malaysia, ikkje Singapore. Dette er i samsvar med grunngivinga for spørsmålet, og Noreg har aldri hatt ein bilateral avtale om investeringsvern med Singapore. Noreg sa opp avtalen med Malaysia i 2001 og avtalen med Indonesia i 2004.
Avtalane med Malaysia og Indonesia var utforma over same lest som tradisjonelle avtalar om fremme og vern av investeringar. Avtalane inneheldt mellom anna føresegner som gav investor frå eitt avtaleland rett til rimeleg og rettferdig behandling, bestevilkårsbehandling, erstatning ved ekspropriasjon, kapitaloverføring og investor-stat tvisteløysing ved investeringar som er gjord i det andre landet. Avtalen med Indonesia finst i UD sitt traktatregister på lovdata.no. Det ser ikkje ut til at avtalen med Malaysia er tilgjengeleg der, men departementet kan gjerne sende denne om ønskjeleg.
Avtalane med Malaysia og Indonesia inneheldt føresegner om kor lenge avtalane skulle gjelde. I fyrste omgang var dette femten år etter at avtalen trådde i kraft for Malaysia og ti år for avtalen med Indonesia. Avtalen med Malysia måtte seiast opp av ein av partane eitt år før utløpet av denne perioden og avtalen med Indonesia måtte seiast opp seinast seks månader før utløpet av perioden. Dersom ingen av partane sa opp avtalane før dette tidspunktet, ville dei fortsetje å vere i kraft. Avtalen med Malaysia kunne når som helst bli sagt opp med eitt års varsel etter dei fyrste fjorten åra, mens avtalen med Indonesia automatisk ville gjelde for ti nye år dersom han ikkje blei sagt opp.
Bakgrunnen for at avtalane blei sagt opp var at ein på tidspunktet for utløpet av den fyrste perioden for desse avtalane arbeidde med å kome fram til ein ny mal for forhandlingar om bilaterale avtalar om vern for investeringar (BITs). Arbeidet med å komme frem til ein ny mal for denne type avtalar har tatt betydeleg lengre tid enn venta og er ennå ikkje sluttført.