Skriftleg spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til ministeren for samordning av EØS-saker og forholdet til EU

Dokument nr. 15:610 (2015-2016)
Innlevert: 16.02.2016
Sendt: 16.02.2016
Rette vedkommende: Næringsministeren
Svart på: 23.02.2016 av næringsminister Monica Mæland

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Har statsråden ei analyse av om TTIP-avtala vil innebera harmonisering eller gjensidig godkjenning av EU og USA sitt regelverk innan ulike marknader, og meiner statsråden at TTIP vil gje ei heving av globale standardar innanfor mellom anna miljø-, helse- og arbeidsrettar, uavhengig av om TTIP-avtalen inneber ei harmonisering eller gjensidig anerkjenning?

Grunngiving

I eit intervju med Nationen 08.04.2015 uttalar noverande miljøvernminister og tidlegare statsråd for EØS-saker og forholdet til EU at sjølv om TTIP-avtala skulle medføre "visse reduserte standardar på nokre område i Europa», så vil oppsida likevel kunne vere betydeleg, fordi avtalen kan medføre ei global standardheving.
På spørsmål om TTIP-avtala vil bli ei global avtale uttalar statsråden at det er tvilsamt, men at «(...) land som skal eksportere til det som kan verte verdas største frihandelsområde og standardmarknad, må tilpasse seg standarden i den marknaden».
Det er ulike potensielle modellar for koordinering av regelverk gjennom TTIP. Ei moglegheit er at TTIP gjer ei harmonisering av dagens regelverk i EU. Ei anna løysing er gjensidig bilateral godkjenning av regelverk, der amerikanske produsentar som får sine produkt godkjent for sal i USA, også får produkta godkjent for sal i EU, og vice versa. Eit tredje alternativ er gjensidig godkjenning der også produsentar frå tredjeland får rett til å selje sine produkt i begge marknadar, når produktet er godkjent for sal i ein marknad.

Monica Mæland (H)

Svar

Monica Mæland: Noreg er ikkje ein del av TTIP, men vi følgjer forhandlingane utanfrå og er i kontakt med USA og EU, både bilateralt og gjennom EFTA. Partane har ein ambisjon om å redusere ikkje-tollmessige handelshindringar for ei rekke produkt. I kva grad forhandlingane vil leie til harmonisering av regelverk og/eller gjensidig anerkjenning veit vi på det nåverande tidspunkt ikkje.
Gitt storleiken på dei to forhandlingspartane, vil TTIP sjølvsagt kunne få globale ringverknader. Om globale standardar innanfor mellom anna miljø-, helse- og arbeidsrettar vil bli heva som eit resultat av TTIP vil framtida vise.