Skriftleg spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:659 (2015-2016)
Innlevert: 23.02.2016
Sendt: 23.02.2016
Rette vedkommende: Finansministeren
Svart på: 02.03.2016 av finansminister Siv Jensen

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): Kor mange tonn CO2 vil klimagassutsleppa frå europeisk luftfart bli redusert med årleg som følgje av "flyseteavgifta"?

Siv Jensen (FrP)

Svar

Siv Jensen: Klima- og miljøministeren har sendt spørsmålet vidare til meg som ansvarleg statsråd for flypassasjeravgifta.
Flypassasjeravgifta vart forhandla fram i avtala mellom regjeringspartia, Kristeleg Folkeparti og Venstre om statsbudsjettet for 2016. Avgifta vart vedteken i Stortinget 14. desember 2015. Forslag til regelverk om avgifta har vore på høyring, med frist 21. februar 2016. Eg tek sikte på å innføre avgifta slik Stortinget har vedteke, men vil vurdere høyringsinnspela før eg tek endeleg stilling til sjølve utforminga av avgifta.
Flypassasjeravgifta er ei fiskal særavgift som kan ha positive verknadar på miljøet. Avgifta vil, dersom ho vert velta over i prisane på flyreiser, auke kostnadane ved flyreiser. Undersøkingar visar at den direkte priselastisitet for flyreiser normalt ligg rundt -1 (resultata varierer frå -0,6 til -1,5). Det inneber at ein prisauke på 1 pst. gjev om lag 1 pst. lågare etterspørsel etter flyreiser. Avgifta vil derfor gi lågare etterspørsel etter flyreiser frå norsk lufthamn. Avgifta vil dermed gi utsleppsreduksjonar i Noreg.
Størstedelen av innanriks luftfart har både kvoteplikt og CO2-avgift. Flygingar frå Noreg til andre land i EØS-området er fritekne for CO2-avgift, men er omfatta av EU sitt kvotesystem for luftfart. Eventuelle reduserte utslepp i Noreg frå desse flygingane vil derfor kunne motsvarast av auka utslepp ein annan stad innan kvotesystemet for luftfarten.
Luftfart frå norsk lufthamn til land utanfor EØS-området har verken kvoteplikt eller CO2-avgift. Gitt negativ priselastisitet, vil avgifta kunne gi færre slike flyreiser. Dette vil ha klimaeffekt globalt. Statistikk frå Avinor synar at i underkant av 15 pst. av kilometer floge i utanriks luftfart er flygingar mellom Norge og destinasjonar utanfor EØS-området. Departementet har ikkje overslag for kva flypassasjeravgifta kan bety for talet på flygingar ut av EØS-området eller for kor mykje utsleppa av klimagassar frå desse flygingane vil bli endra.