Skriftleg spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til justis- og beredskapsministeren

Dokument nr. 15:764 (2015-2016)
Innlevert: 16.03.2016
Sendt: 16.03.2016
Svart på: 30.03.2016 av justis- og beredskapsminister Anders Anundsen

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Kan statsråden gjera greie for Domstoladministrasjonen sitt økonomiske resultat siste tre åra, og utifrå dette forklara at DA har innført stillingsstopp i domstolane, og vidare kva føringar justisministeren har gitt DA i høve praktisering av domstollova § 33c, 2. ledd, 2. punktum i lys av Stortinget sitt krav om ein samla plan for domstolstrukturen i Noreg?

Grunngiving

Underteikna er informert om at alle domstolleiarane i fleire jordskiftedøme har framsett sterk kritikk og sett vilkår som fylgje av Domstoladministrasjonen si praktisering av domstollova § 33c, 2. ledd, 2. punktum: innføring av felles leiing av fleire domstolar. Oppsiktsvekkande nok vart reaksjonane utløyst av DA sin aktivitet for å få underlagt Nord- og Midhordland jordskifterett i Bergen felles leiarskap i lag med Indre Hordaland jordskifterett på Voss. Domstoladminstrasjonen har varsla at same prosess vil bli iverksett i høve Indre Sogn jordskifterett i Sogndal og Sunnfjord- og Ytre Sogn jordskifterett i Førde.
Domstoladministrasjonen grunngjev tiltaka som økonomisk motivert. Det er likevel kjent at DA i ei årrekke har hatt eit underforbruk i storleiksorden 10 % av jordskifterettane sitt samla budsjett.
Jordskifterettane har i motsetnad til Tingrettane nyleg hatt ei strukturrasjonalisering, slik at avstandane mellom aktuelle domstolar som kan ha delt leiar fullstendig vil eta opp effektiviseringsgevinstar i form av auka reiseaktivitet. Domstolleiarane mistrur DA ved sin praksis til å gå langt utover både domstollova med tilhøyrande forskrifter sine avgrensingar, og langt inn på Stortinget sin arena.
Det vert registrert at DA praktiserer nemnde ordningar ved å underleggja små domstolar felles leiing med større. DA sin praksis føregrip på denne måten den varsla politiske prosessen om ein nasjonal plan for domstolstrukturane. Regjeringa bør vurdera å ta i bruk domstollova sin § 33 tredje ledd og instruera DA i høve arbeidet med ein nasjonal plan for domstollstrukturane. I påvente av dette arbeidet må dei tilsvarande bli instruerte i høve sin bruk av § 33c, 2. ledd, 2. punktum: innføring av felles leiing av fleire domstolar.
Jordskifterettane sin sakstilgang har hatt ein vekst på 50 % dei siste tiåra. DA si økonomiforvaltning, personalforvaltning og no tilfeldige strukturelle grep utan politisk kontroll, er i ferd med å øydeleggja domstolane sitt omdøme. Rekrutteringssituasjonen er kritisk og søkjarar uteblir. Ved andre gongs utlysing av leiarstillinga ved ein av "dei robuste" domstolane, nemleg Lillehammer, var det ingen søkjarar.