Skriftleg spørsmål fra Janne Sjelmo Nordås (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:776 (2015-2016)
Innlevert: 17.03.2016
Sendt: 18.03.2016
Svart på: 01.04.2016 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Janne Sjelmo Nordås (Sp)

Spørsmål

Janne Sjelmo Nordås (Sp): Kva vil statsråden gjere for å utbetre flaskehalsen Betna – Stormyra?

Grunngiving

Vegstrekninga Betna – Stormyra, høvesvis i Halsa og Hemne kommunar, er ein flaskehals på E39 mellom Ålesund og Trondheim.
Prosjektet er prioritert i gjennomføringsstrategien, men regjeringa har ikkje fylgt opp med pengar i statsbudsjettet sjølv om prosjektet er ferdig planlagt.

Ketil Solvik-Olsen (FrP)

Svar

Ketil Solvik-Olsen: I Nasjonal transportplan 2014-2023 er det lagt til grunn anleggsstart på prosjektet E39 Betna – Vinjeørea – Stormyra i første fireårsperiode. Dette er som representanten Nordås påpeikar, følgt opp i Statens vegvesens handlingsprogram 2014-2017 (2023) med til saman 120 mill. 2014-kr i 2016 og 2017.
Prosjektet vil bli vurdert i pågåande arbeid med statsbudsjettet for 2017 og Nasjonal transportplan for perioden 2018-2029. I den samanhengen har eg merka meg at prosjektet er vurdert som eit bunde prosjekt i transportetatane sitt grunnlagsdokument for Nasjonal transportplan 2018-2029.