Skriftleg spørsmål fra Janne Sjelmo Nordås (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:786 (2015-2016)
Innlevert: 18.03.2016
Sendt: 18.03.2016
Svart på: 05.04.2016 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Janne Sjelmo Nordås (Sp)

Spørsmål

Janne Sjelmo Nordås (Sp): Korleis vil statsråden sikre at Statens Vegvesen sine kontraktar er enda betre tilpassa den norske entreprenørmarknaden, og samstundes sikre samanhengande og kostnadseffektive veg- og infrastrukturprosjekt?

Grunngiving

Me syner til tal frå MEF (Maskinentreprenørenes forbund) om storleiken på kontraktar mellom entreprenørar og statens vegvesen.
Det var i 2015 (t.o.m. november) tilbodsfrist for 433 kontraktar i regi av Statens vegvesen. Fleirårige drift- og vedlikehaldskontraktar er då unnateke. Samla verdi skriv seg til om lag 15 mrd., noko som er på same nivå som i 2014.
Kontraktar i prissjiktet 2-9 mill. kroner utgjer den største andelen av vegvesen-kontraktane samla med 43%. Målt i verdi er det kontraktar i prissjiktet ein milliard eller høgare som utgjer den største andelen med om lag 31% av den samla verdien i SVV-marknaden.
Konkurransen har vore størst for kontraktar i prissjiktet 60-99 millionar, der ein i snitt har motteke 7,2 tilbod for kvar kontrakt i dette sjiktet. Tala er basert på lægste tilbod for kvar kontrakt.
Med denne bakgrunn kan ein fastslå at konkurransen er størst på kontraktar mellom 60 og 99 millionar, og ein kan konkludere med at dette er ein kontraktsstorleik som høver godt til den norske entreprenørbransjen landet over.
MEF peikar på at ein kontraktsstrategi der 60% av kontraktane, målt i verdi, er over 100 millionar og der 40% er under 100 millionar passar den norske entreprenørmarknaden godt. Dei meiner ein slik fordeling bidrar til å ta heile anleggsbransjen i bruk, ved at og dei mindre entreprenørane kan ta på seg oppdrag som hovedentreprenør, og at ein slik bidreg til kompetanseheving i bransjen og legger til rette for god framtidig konkurranse i bransjen. Denne vurderinga støttar Senterpartiet.
I dag er situasjonen (2015) 69 % over 100 millionar og 31 % under 100 millionar.
Til liks med regjeringa er Senterpartiet oppteken av samanhengande utbyggingar og mest veg for kvar krone. I tillegg meiner me det ligg ein meirverdi i å tilpasse byggherresida til kva norsk entreprenørbransje kan levere på for å sikre verdiskaping, arbeidsplassar og kompetanseutvikling i norske anleggsverksemder. Vidare treng det ikkje vere ein motsetnad mellom dette og betre tilpassa kontraktsnivå.

Ketil Solvik-Olsen (FrP)

Svar

Ketil Solvik-Olsen:

Lenke til svaret med tabell i pdf-format