Skriftleg spørsmål fra Astrid Aarhus Byrknes (KrF) til utenriksministeren

Dokument nr. 15:872 (2015-2016)
Innlevert: 07.04.2016
Sendt: 08.04.2016
Svart på: 15.04.2016 av utenriksminister Børge Brende

Astrid Aarhus Byrknes (KrF)

Spørsmål

Astrid Aarhus Byrknes (KrF): Kva kan utanriksdepartementet gjere, og kva planar har Utanriksdepartementet ytterlegare, for å få Joshua Olav Danile Hodne French benåda eller overført til Norge for soning?

Grunngiving

Joshua French blei arrestert i Kongo sommaren 2009 saman med Tjostolv Moland. Hausten 2009 blei dei begge dømt til døden. Fire år seinare døydde kameraten Moland i fengselet i Kinshasa.
Etter mange år i kongolesisk fengsel, under svært vanskelege forhold, er den psykiske og fysiske helsetilstand til Joshua French svekka og dårleg. Det hastar difor med ei løysing. French har heile tida hevda si uskuld og mange har gjort forsøk på å få French heim til Norge. Hans mor Kari Hilde Hodne French kjemper ein tapper kamp for sin son, men er no der at ho nærast gir opp kampen. Det er av humanitære grunnar viktig at Norge og utanriksministeren framleis søkjer etter ei løysing slik at Joshua French kan enten bli benåda eller vert utlevert til Norge for soning her.

Børge Brende (H)

Svar

Børge Brende: Utanriksdepartementet har følgt denne saka tett sidan fengslinga av Tjostolv Moland og Joshua French i mai 2009. Departementet er godt kjent med utviklinga i saka med omsyn til helsa til Joshua French som følgje av kontakt med pårørande og besøk i fengselet og på sjukehuset der French har vore innlagd sidan 14. januar i år.
Innanfor dei rammene som Stortinget har satt for konsulær støtte, gjer Utanriksdepartementet det som er mogeleg for å støtte Joshua French under dei vanskelege tilhøva som er for soninga.
Utanriksdepartementet har jamleg kontakt med styresmaktene i Kinshasa for å finne ei løysing i saka. Det synest som om styresmaktene i DR-Kongo ikkje ser overføring til Noreg for soning som aktuelt, men etter det vi kjenner til er spørsmålet om benådning til vurdering. Vi kan førebels ikkje seie noko om når ei endeleg avgjerd vert teken.
I denne saka arbeider vi i lag med britiske styresmakter, ettersom Joshua French er både norsk og britisk borgar. Arbeidet vårt for å få Joshua French overført til Noreg held fram.