Skriftleg spørsmål fra Janne Sjelmo Nordås (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:888 (2015-2016)
Innlevert: 08.04.2016
Sendt: 11.04.2016
Svart på: 18.04.2016 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Janne Sjelmo Nordås (Sp)

Spørsmål

Janne Sjelmo Nordås (Sp): NRK Sørlandet har torsdag 7. april eit oppslag om at ein på E39 ved Kvinesheia framleis ikkje har starta utbetringsarbeid etter uveret Synne sine øydeleggingar 5.12.2015.
Kva meiner statsråden er akseptabel tid frå skade oppstår til arbeid med gjennoppbygging startar på ein riks- eller europaveg, og kva vil statsråden gjere for å få fortgang i arbeidet på nemnte strekning?

Ketil Solvik-Olsen (FrP)

Svar

Ketil Solvik-Olsen: Arbeid med å utbetre skadar på vegnettet vert gjennomført så snart det er praktisk mogeleg.
I samband med uveret Synne i desember 2015 rasa E39 ut på to stader langs elva Møska i Lyngdal kommune i Vest-Agder. Utrasinga ved Røysgårdsletta er nokså enkel å utbetre, medan utbetringa ved Åbråtan er meir komplisert og kostnadskrevjande. Det er rasjonelt å utbetre begge stadene samtidig.
Ved Åbråtan blei det på midten av 1990-talet fylt massar i elva for å utvide vegen. Etter dette har det vore fleire mindre utrasingar i samband med flaum. I 2014 blei det vurdert å flytte vegen bort frå elva ved å sprengje ei høg skjering. Kostnadene ville bli høge, og løysinga blei derfor ikkje planlagt vidare. Erosjonssikringa ved Åbråtan er dårleg over ei strekning på om lag 300 m, og det er fare for nye skadar dersom berre skadane etter Synne blir utbetra. Vinteren/våren 2016 har derfor Statens vegvesen planlagt ei løysing med permanent erosjonssikring på heile strekninga. Planlegginga er no ferdig, og det er lagt opp til å gjennomføre arbeida i perioden med lågast vasstand, normalt i perioden mai – august.
Statens vegvesen har kalkulert kostnadene til om lag 30 mill. kr. Rasstadene ligg på ei strekning som blir drifta og vedlikehalden som del av OPS-prosjektet E39 Lyngdal – Flekkefjord. Det blir derfor forhandla med OPS-selskapet om pris for å gjennomføre utbetringane.
Vegen er mellombels flytta bort frå rasstadene og sikra med betongblokker. I tillegg blir områda overvaka av entreprenøren. Både ved Røysgårdsletta og ved Åbråtan er fartsgrensa redusert frå 70 km/t til 50 km/t. Statens vegvesen har vurdert dei midlertidige tiltaka til å gi forsvarleg trafikkavvikling fram til utbetringane er gjennomførte.