Skriftleg spørsmål fra Hadia Tajik (A) til kunnskapsministeren

Dokument nr. 15:903 (2015-2016)
Innlevert: 12.04.2016
Sendt: 13.04.2016
Svart på: 22.04.2016 av kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen

Hadia Tajik (A)

Spørsmål

Hadia Tajik (A): Vil kunnskapsministeren ta avstand frå at innvandrings- og integreringsministeren har misbrukt og feilreferert forskingsresultat?

Grunngiving

Innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug har fått mykje kritikk for si bruk av forsking og referansar til forskingsresultat i kronikken «Innstramming til barnas beste» på NRK Ytring 05.04.16, mellom anna frå UIO-rektor Ole Petter Ottesen på Dagsnytt 18, NRK p2, 08.04.16.

Torbjørn Røe Isaksen (H)

Svar

Torbjørn Røe Isaksen: For å finne dei beste løysingane, må politikken vere basert på oppdatert kunnskap. Forsking er eit viktig verktøy i utforminga av ny politikk og eg jobbar for ei meir kunnskapsbasert politikkutvikling.
Samstundes vil eg understreke at politikk ikkje er forsking og heller ikkje skal vere det. Vi politikarar må vere flinke til å skilje mellom kva som er forsking og kva som er politiske standpunkt. Det vi seier skal vere etterretteleg og basert på fakta. Når vi bruker forsking, må vi ha respekt for forskingsfunna. Vi skal ikkje ta forskinga til inntekt for våre politiske standpunkt, når det ikkje er dekning for det. Vi skal òg hugse at heller ikkje forskinga alltid er eintydig. Konklusjonar frå forsking kan tolkast på ulike måtar.
Som kunnskapsminister verken kan eller vil eg gå inn og gjere ei fagleg vurdering av mine kollegaers bruk av forskingsresultat. Eg har registrert at innvandrings- og integreringsministeren i Aftenposten 7. april sjølv har sagt at forskinga vart upresist referert i den aktuelle kronikken. Eg vil helse velkommen ein debatt om korleis politikarar og andre bruker forsking. Både politikken og forskinga er tent med eit kritisk blikk.