Skriftleg spørsmål fra Janne Sjelmo Nordås (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:926 (2015-2016)
Innlevert: 15.04.2016
Sendt: 18.04.2016
Svart på: 28.04.2016 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Janne Sjelmo Nordås (Sp)

Spørsmål

Janne Sjelmo Nordås (Sp): Det er framleis utfordringar med å få gods over frå veg til jarnbane.
Me har registrert at det går mot ei løysing med godsterminal sør for Trondheim, og spør difor kva som er status i den saka per dags dato?

Ketil Solvik-Olsen (FrP)

Svar

Ketil Solvik-Olsen: Ny godsterminal og ei eventuelt ny lokalisering, har vore ei sak som har tatt tid. Ein ny godsterminal er ei svært stor investering, og ei avgjerd som vil vere bestemmande for logistikken i Trøndelag i tiår framover. Jernbaneverket leverte ei konseptvalutgreiing i 2012, og i 2014 blei det avgjort at nytt logistikknutepunkt skal ligge sør for byen. Jernbaneverket fekk i oppdrag å greie ut vidare dei to konkrete lokaliseringsalternativa Søberg og Torgård, før Samferdselsdepartementet skulle ta endeleg stilling til lokalisering. I januar 2015 anbefalte Jernbaneverket at logistikknutepunktet skulle lokaliserast til Torgård. Kostnadane hadde no auka kraftig til nærmare 7 mrd. kr. På bakgrunn av den betydelige kostnadsauken gjennomførast det no ei ekstra ekstern kvalitetssikring. Nytte- og kostnadsanslaga for Torgård, Søberg og nullalternativet står her sentralt. Det er venta at kvalitetssikringa vil vere ferdig over sommaren. Dette vil vere i tide til at prosjektet kan vurderast i kommande NTP.
Eg skal ikkje føregripe verken statsbudsjettet for 2017, NTP-prosessen eller lokaliseringa av terminal i Trondheimsregionen. Likevel vil eg understreke at mitt mål er at jernbanen skal auke sin marknadssandel til og frå Midt-Noreg. Da vil det vere naudsynt med tiltak på både kort-, mellomlang og lang sikt.
Det er samstundes naudsynt å sette i verk tiltak på kort-, mellom- og lang sikt for å sikre ein konkurransedyktig jernbane på denne strekninga. Eg har fått opplyst at i løpet av kort tid flyttar dei to siste samlastarane ut av Trondheim sentrum og sørover til Heimdal. Da vil alle de store samlastarane og vareeigarane vere lokalisert i Heimdal-området. Avstandsulempa for jernbanen ved at alt gods må inn til Brattøra for lasting og lossing blir stor.
På kort sikt handlar det om å styrke terminalene i begge ender og sette i verk tiltak på Dovrebanen. Rett før jul i fjor lanserte Jernbaneverket ein rekkje strakstiltak for gods på jernbane med ei totalramme på 1 mrd. kr, som Jernbaneverket legg opp til at blir gjennomført i perioden 2016-2018. Hovudvekta av strakstiltaka er retta mot forbindelsen Oslo – Trondheim. Av større tiltak som Jernbaneverket har lansert er:

- Etablering av Heggstadmoen som avlastningsterminal for Brattøra, inkl. spor 3 på Heimdal stasjon
- Forlenge kryssingsspora på Kvam og Ler
- Utvida vedlikehald på Alnabru
- I ruteplan 2017 legge til rette for noen ruter med lange godstog
- Ferdigstille beredskapsterminaler på Støren og Kvam og etablere diesel beredskapslokomotiv

Eg vil i dei kommande statsbudsjetta komme tilbake til finansieringa av tiltaka.
Som kjend har transportetatane og Avinor nyleg lagd fram grunnlagsdokumentet for Nasjonal transportplan 2018-2029. Her er det blant anna fremma ei godspakke på om lag 20 mrd. kr for planeperioden, og det er satt av 1,75 mrd. kr til logistikknutepunkt. Det politiske arbeidet med NTP er no i gang. Blant anna har eg møter med næringslivet rundt om i landet. Eg reknar med at eg vil høyre meir om utfordringane i Trøndelag når eg møter næringslivet i regionen 2. mai i Stjørdal.