Skriftleg spørsmål fra Sveinung Rotevatn (V) til innvandrings- og integreringsministeren

Dokument nr. 15:1081 (2015-2016)
Innlevert: 11.05.2016
Sendt: 11.05.2016
Svart på: 23.05.2016 av innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug

Sveinung Rotevatn (V)

Spørsmål

Sveinung Rotevatn (V): Korleis har stortingsvedtak nr. 525 så langt blitt fulgt opp, og når kan Stortinget vente ei sak frå regjeringa om innføring av moglegheit til å erverve dobbelt statsborgarskap?

Grunngiving

I samband med handsaminga av Innst. 189 S (2015-2016) gjorde Stortinget følgjande vedtak (nr. 525):
"Stortinget ber regjeringen utrede hvordan hovedregelen om ett statsborgerskap slår ut i praksis i en mer globalisert hverdag, blant annet for arbeidsmuligheter og sikkerhets- og kriminalitetsbildet, og eventuelle behov for endringer i statsborgerloven som følge av dette. Regjeringen bes også vurdere om endringer i andre lover kan avhjelpe situasjonen for dem som i dag opplever ulemper ved prinsippet om ett statsborgerskap, fremfor å endre statsborgerloven. En utredning må også inneholde en vurdering av hvilke konsekvenser en eventuell åpning for dobbelt statsborgerskap vil ha for plikter og rettigheter i Norge".
All den tid fleire av desse spørsmåla vart grundig drøfta av statsborgarskapslovutvalet, og vi har mykje erfaring frå våre naboland å byggje på, bør det vere ei overkomeleg oppgåve for regjeringa å følgje opp Stortingets vedtak gjennom eit effektivt utgreiingsarbeid. Underteikna m.fl. ser fram til å få ei sak tilbake til Stortinget snarast råd.

Sylvi Listhaug (FrP)

Svar

Sylvi Listhaug: Stortingsvedtak nr. 525 er for tida til utgreiing i departementet. Statsborgerlovutvalget leverte sin NOU så langt tilbake som i desember 2000. Det er derfor behov for å greie ut ein del problemstillingar før denne saka kan presenterast for Stortinget. Eg tek sikte på å legge fram eit svar for Stortinget på eigna måte hausten 2016.