Skriftleg spørsmål fra Astrid Aarhus Byrknes (KrF) til forsvarsministeren

Dokument nr. 15:1098 (2015-2016)
Innlevert: 13.05.2016
Sendt: 13.05.2016
Svart på: 20.05.2016 av forsvarsminister Ine Eriksen Søreide

Astrid Aarhus Byrknes (KrF)

Spørsmål

Astrid Aarhus Byrknes (KrF): Kva har statsråden tenkt å gjere for å sikre gode nok buforhold for kvinner i fyrstegongstenesta nå som dei har verneplikt, og kva er status for dei ulike forlengningane som skal ta imot kvinner til sommaren 2016?

Grunngiving

Stortinget har vedtatt allmenn verneplikt, og med det forplikta seg til å ta i mot kvinner på lik linje med menn. Vi veit nå at kvinneandelen i fyrstegangstenesta vil auke. Etter sommerens innrykk antar Forsvaret sjølv at den vil ligge på over 20 %. Forsvaret har hatt tre år på å førebu seg på allmenn verneplikt. Allikevel er det mangler ved sanitærfasilitetene ved mange avdelinger. Eg er kjent med at det har vore gjort strakstiltak på Madla. Det er også planlagt tiltak på Gardeleiren og på Ørland, men desse er ikkje igangsatt. Fleire andre tenestestader har i fylgje dei tillitsvalde for dei fyrstegangstenestegjerande også mangler.
Eit eksempel er sjøbasen Haakonsvern, med om lag 700 vernepliktige mannskaper. Her blir kvinner i praksis segregert, fordi sanitærfasilitetene ikkje har god nok kapasitet. Dei må altså bu adskilt frå gutane. Når kvinner nå har fått verneplikt, bør dei kunne forventa likeverdige buforhold også. Vi veit at jenter trives godt i Forsvaret i dag, men det er nok ein høgare terskel for å tåle buforhold som ikkje er tilpassa begge kjønn når man sjølv har valgt dette. Difor er likeverdige buforhold ikkje berre viktig for verdigheita til den einskilde, men også den operative evnen til den einskilde soldat.

Ine Eriksen Søreide (H)

Svar

Ine Eriksen Søreide: Eg viser til brev frå Stortingets president av 13. mai 2016 med spørsmål frå stortingsrepresentant Astrid Aarhus Byrknes om buforhold for kvinner ved innføring av allmenn verneplikt.
Ei vellukka innføring av allmenn verneplikt er viktig både for forsvarssjefen og meg. Eg har klåre forventingar til at Forsvaret vil leggja til rette for kvinner når det første årskullet med vernepliktige møter til teneste i 2016. Kvinner har tenestegjort i Forsvaret i lang tid, og dei siste åra er det arbeida med å legge til rette for ein jamnare kjønnsbalanse.
For å sikra at Forsvaret er godt rusta til innføring av allmenn verneplikt er det utarbeidd ein heilskapleg plan for gjennomføring, med fokus på fem område. Forsvaret har gjennomført omfattande og målretta kommunikasjonstiltak mot både vernepliktige og foreldra deira. Det har òg vore fokus på at sesjonsprosessen likebehandlar kvinner og menn. Det vert i tillegg arbeida med å leggja til rette buforhold for begge kjønn, og å skaffe tilpassa personleg klede og utstyr til alle. Kombinert med eit systematisk og målretta arbeid med organisasjonskultur og leiing, er Forsvaret samla sett godt førebudd på innføring av allmenn verneplikt.
På enkelte område vil det enno vera behov for avklaringar knytt til behov og ambisjonsnivå i tida framover. Spesielt gjeld dette innan bygningsmessige fasilitetar, klede og utrustning.
Sidan 2011 har det vore ei auka satsing for å betra buforholda til soldatane. Oppførte nye bygningar, som på Bardufoss og Høybuktmoen, varetar dei behov og krav som følgjer med allmenn verneplikt. Det vert òg bygt to nye stasjonar for grensevakta i Finnmark. I tillegg er det gjennomført rehabilitering av forlegningar på Terningmoen, Skjold og Setermoen. Samstundes er standarden på den eldre bygningsmassen ei utfordring enkelte stadar i landet. Forsvaret har difor fokusert på å gje prioritet til garnisonar som har størst behov for å graderast opp. Det er blant anna satt i gang eit prosjekt i Madla leir (KNM Harald Haarfagre) for å tilpassa forlegningar og sanitærforhold. Forsvarsdepartementet (FD) sende i august 2015 gjennomføringsoppdrag til Forsvarsbygg (FB) for å gjennomføra eit prosjekt for tilpassing av mannskapsforlegning til ein høgare kvinnedel. Prosjektet er planlagt ferdigstilt i august 2016.
Når det gjeld Huseby leir, fekk FB i desember 2015 oppdrag om å utarbeida eit underlag for vedtak på bakgrunn av ein anbodskonkurranse. Føremålet med prosjektet er å tilpassa mannskapsforlegning på Huseby til ein auka kvinnedel. FB opplyser at prosessen med anbod er gjennomførd, og at grunnlaget vil sendes FD om kort tid.
Det er òg planlagt eit konkret prosjekt for ein ny mannskapsforlegning på Ørland hovudflystasjon. Dette vart lagt fram for Stortinget hausten 2015. Prosjektet omfattar 180 sengeplassar, og har ei kostnadsramme på 115 mill. kroner.
I tillegg til desse prosjekta vil Forsvaret fortløpande identifisera og vurdera naudsynte behov relatert til forlegningar, sanitære tilhøve og andre relevante fasilitetar. Dette gjeld òg for Haakonsvern, som følgjer normale prosedyrar for vurdering av prosjekt til vedlikehald og investeringar relatert til bygningsmassen der.
Årets vernepliktundersøking viser at dei vernepliktige har gjennomgåande eit godt inntrykk av Forsvaret, trivselen er høg, miljøet er godt og fyrstegongstenesta står høgt i kurs. Fleire enn åtte av ti spurte trivst godt i Forsvaret. Kvinner trivst i større grad enn menn. Nær ni av ti spurde kvinner seiar at dei trivst godt i Forsvaret (89 prosent). Det er også svært få som er negativ innstilt til kjønnsblanda rom i Forsvaret, uavhengig av om dei bor på eit eller ikkje. Kvinner som bur på ei kjønnsblanda rom er mest positive (94 prosent).
Allmenn verneplikt er ei omfattande reform. Arbeidet med å leggja til rette for fleire kvinner i Forsvaret vil strekkja seg over tid. Det er likevel ein klar ambisjon at tilhøva skal vere nøkterne og gode når det første årskullet med vernepliktige kvinner møter til teneste. Eg legg òg til grunn at Forsvaret gjer lokale tilpassingar og sørgjer for mellombelse løysingar, der det er behov for dette.