Skriftleg spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til kommunal- og moderniseringsministeren

Dokument nr. 15:1115 (2015-2016)
Innlevert: 19.05.2016
Sendt: 19.05.2016
Svart på: 25.05.2016 av kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Kan statsråden stadfeste at Atløysambandet får ferjeavløysingsmidlar trass i at berre deler av sambandet vert avløyst, og at Sogn og Fjordane fylkeskommune også etter at brua er bygd vil motta ferjesubsidiar for den attverande ferjestrekninga?

Grunngiving

KMD sier 23.2.16 at regjeringa legg til rette for bygging av Atløysambandet ved at Sogn og Fjordane får behalda like mykje pengar til ferjesambandet sjølv om berre deler sambandet vert erstatta av bru. I Kommuneproposisjonen 2017 heiter det om fergeavløysingsordninga at, sitat:

"Retningslinjene presiserer at veiprosjekt som innkorter et ferjesamband, uten å avløse det helt, ikke er omfattet av ordningen."

Det er skapt uvisse om kva råmer som gjeld for prosjektet, etter at ein ikkje kan sjå at Stortinget har fått noko melding at ferjeavløysingsmidlane likevel skal kunne nyttast på Atløysambandet. For vidare planlegging er det difor viktig at statsråden presiserar og stadfestar dette.

Jan Tore Sanner (H)

Svar

Jan Tore Sanner: Ferjeavløysingsordninga for fylkesvegferjer blei lagt fram i kommuneproposisjonen for 2016, som Stortinget behandla i juni 2015. Ordninga legg til rette for at fleire bru- og tunnelprosjekt kan realiserast og dermed komme både innbyggjarar og næringsliv langs kysten til gode.
Som det går fram av kommuneproposisjonen for 2016, er det Samferdselsdepartementet som administrerer ordninga og avgjer kva prosjekt som skal inkluderast i henne.
Ferjeavløysingsmidlane blir berekna på bakgrunn av tap innanfor inntektssystemet når eit ferjesamband blir avløyst av ei bru eller ein tunnel. Tapet blir berekna ved å sjå på effekten av å endre kriteriedata i utgiftsutjamninga i inntektssystemet. Det berekna beløpet blir justert for endringar i drifts- og vedlikehaldsbehovet til fylkesveg i utgiftsutjamninga, sidan ei bru eller ein tunnel fører til ein auke i kompensasjonen i inntektssystemet for drifts- og vedlikehaldsutgifter til vegar. Desse prinsippa for utrekning blei slått fast i kommuneproposisjonen for 2016. Prinsippa er presisert vidare i eigne retningslinjer for ordninga, fastsett 22.02.2016, som blei presenterte i kommuneproposisjonen for 2017.
Atløysambandet vil ikkje vere omfatta av ordninga, sidan vegprosjektet kortar inn på eit ferjesamband utan å avløyse det heilt. Ifølgje retningslinjene gjeld ferjeavløysingsordninga ikkje for slike prosjekt. Slik delkostnadsnøkkelen for båt og ferje er utforma per i dag, vil ein fylkeskommune ikkje ha noko tap i inntektssystemet når eit ferjesamband blir korta inn. Dermed vil innkorting av eit ferjesamband heller ikkje utløyse ferjeavløysingsmidlar.
Ein fylkeskommune vil med dagens kostnadsnøkkel likevel få ei form for ferjeavløysingsmidlar for samband som blir korta inn, sidan fylkeskommunen framleis vil få det same for sambandet gjennom utgiftsutjamninga. I tillegg vil fylkeskommunen få kompensasjon for auka utgifter til drift og vedlikehald på vegnettet, sidan ei bru eller ein tunnel, og dermed eit lengre vegnett, vil føre til auka tilskot gjennom vegnøkkelen i inntektssystemet. For prosjekt som blir inkludert i ferjeavløysingsordninga, vil desse utgiftene bli trekte frå når ferjeavløysingsmidlane skal reknast ut, slik at det ikkje blir gjeve dobbel kompensasjon gjennom inntektssystemet.
Når det gjeld Atløysambandet, kan fylkeskommunen komme betre ut, sjølv om han ikkje er omfatta av ferjeavløysingsordninga: fylkeskommunen får behalde dagens tilskot til ferjesambandet gjennom utgiftsutjamninga, sjølv om sambandet blir kortare og utgiftene til drift av sambandet lågare. Dei frigjorde midlane vil kunne nyttast til å finansiere ei bru eller ein tunnel. I tillegg vil fylkeskommunen få auka tilskot gjennom vegnøkkelen, sidan behovet for drift og vedlikehald av vegnettet vil auke.
Det var denne løysinga eg presenterte då eg besøkte Førde i februar i år. Som det går fram av kommuneproposisjonen, vil departementet vurdere korleis innkorting av ferjesamband skal handterast i ferjeavløysingsordninga når kriteriet for ferjer i inntektssystemet eventuelt blir endra. Eg vil i så fall informere Stortinget om dette på eigna måte.