Skriftleg spørsmål fra Jenny Klinge (Sp) til finansministeren

Dokument nr. 15:1136 (2015-2016)
Innlevert: 24.05.2016
Sendt: 24.05.2016
Svart på: 02.06.2016 av finansminister Siv Jensen

Jenny Klinge (Sp)

Spørsmål

Jenny Klinge (Sp): Vil finansministeren sørgje for at eventuelle strukturendringar i Skatteetaten kjem opp som sak til behandling i Stortinget?

Grunngiving

Finansdepartementet sendte 16.02.2016 ut eit oppdragsbrev til Skattedirektoratet om å utgreie organiseringa av Skatteetaten. Ein såkalla «bedre og mer effektiv skatte- og avgiftsforvaltning» er målet, og middelet er tydeleg: færre kontoreiningar. Dette ligg såleis an til å bli nok ei sentraliserande reform i regi av den blå-blå regjeringa, og ingenting tyder på at Stortinget som folkevalt organ skal få noko å seie i denne saka. Dette handlar imidlertid om ei viktig offentleg teneste og om mange arbeidsplassar rundt om i landet, og folkevalt behandling av saka burde kunne forventast.

Siv Jensen (FrP)

Svar

Siv Jensen: Regjeringa har ansvar for at statsforvaltninga er organisert på ein måte som sikrar effektiv og god oppgåveløysing. Mitt utgangspunkt er at ein ny kontorstruktur for Skatteetaten skal gje meir effektiv ressursbruk og samtidig betre kvaliteten i oppgåveløysinga, mellom anna gjennom meir spesialisering, meir robuste og kompetente fagmiljø og auka rettstryggleik. Finansdepartementet har no motteke Skattedirektoratets forslag til ny kontorstruktur i Skatteetaten og vil i samråd med Kommunal- og moderniseringsdepartementet vurdere forslaget.
Dersom regjeringa tek ei avgjerd om å gjennomføre endringar i kontorstrukturen i Skatteetaten, vil Stortinget verte orientert om dette. Dersom endringa krev lovendringar eller løyvingar, vil det verte fremma forslag til Stortinget om dette på vanleg måte. Det vart gjort på akkurat same måte då Regjeringa Stoltenberg II, som Senterpartiet sjølv var ein del av, omtrent halverte talet på skattekontor (103 færre) i 2011 og 2012, jf. omtale i Prop. 1 S (2010–2011) og Prop. 1 S (2011–2012) for Finansdepartementet.