Skriftleg spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til ministeren for samordning av EØS-saker og forholdet til EU

Dokument nr. 15:1292 (2015-2016)
Innlevert: 14.06.2016
Sendt: 15.06.2016
Svart på: 22.06.2016 av ministeren for samordning av EØS-saker og forholdet til EU Elisabeth Vik Aspaker

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Kan statsråden garantere at vedtaket om å knyte Noreg til EU sitt finanstilsyn ikkje vil danne presedens for ettertida, at det ikkje vil kome liknande forslag om avståing av suverenitet til EU-organ på andre område, eller er det noko område statsråden ser som aktuelle dei næraste åra?

Grunngiving

Stortinget har, etter framlegg frå regjeringa, knytt Noreg til EU sitt finanstilsyn. Det vert frå fleire hald hevda at dette berre er det første av fleire tilsyn som vil ha overnasjonal styring over medlemslanda, og også gjerne landa i EØS-området dersom nasjonalforsamlingane gjev høve til det. Spørsmålet vart også reist i Stortinget utan at det kom fram noko konkret svar. Då dette er eit viktis spørsmål knytt til grunnlova og folkestyret ber eg om eit konkret svar frå statsråden.

Elisabeth Vik Aspaker (H)

Svar

Elisabeth Vik Aspaker: Eg takker representant Navarsete for spørsmålet.
Byrå og tilsyn har fått ei viktig rolle i regelarbeidet i EU og dermed òg for EØS-samarbeidet. I praksis er det berre mogeleg å innlemme regelverk på dei aktuelle områda i EØS-avtala når deltaking i relevante byrå og tilsyn er komen i stand. Dette er avgjerande for å sikre rettsleg likskap og like vilkår for norske aktørar. Noreg og norsk næringsliv er gjennomgåande ikkje tent med at vår deltaking i byrå og tilsyn kjem i stand, og tilhøyrande regelverk vert innlemma i EØS-avtalen, mange år etter EU.
Det er store skilnader med omsyn til kva rolle og mynde ulike EU-byrå og tilsyn får. Kvart einskild tilfelle må difor vurderast for seg. I tilfelle der norsk deltaking krev meir inngripande overføring av mynde, som i tilfellet med finanstilsyna, er det krav om samtykkje frå Stortinget med ¾ fleirtall, jf. Grunnlova § 115 første ledd. Dersom det er tale om å knyte Noreg til organ som berre kan gjera vedtak retta mot statlege organ, ikkje mot einskilde personar eller føretak, oppstår ikkje same spørsmål om avståing av råderett. Regjeringa forhandlar i dag om deltaking i to byrå. På energiområdet har ACER som er EU sitt byrå for samarbeid mellom nasjonale energiregulatorar, ei meir avgrensa rolle retta mot statlege organ i medlemslanda. Eit anna er BEREC innan elektronisk kommunikasjon som berre har rådgjevande funksjonar overfor nasjonale reguleringsorgan. Norsk deltaking i BEREC vil såleis ikkje medføre noka avståing av råderett.