Skriftleg spørsmål fra Stein Erik Lauvås (A) til landbruks- og matministeren

Dokument nr. 15:1315 (2015-2016)
Innlevert: 16.06.2016
Sendt: 17.06.2016
Svart på: 24.06.2016 av landbruks- og matminister Jon Georg Dale

Stein Erik Lauvås (A)

Spørsmål

Stein Erik Lauvås (A): Hvilke tiltak ser Landbruksministeren at er nødvendige å gjøre i forhold til CWD sykdom, og vil Landbruksministeren ta nødvendige initiativ med blant annet reindriftsnæringen for å begrense utbredelsen av denne sykdommen?

Grunngiving

Jeg er gjort oppmerksom på at sykdommen Chronic Wasting Disease (CWD)er påvist i Norge. Dette er etter hva som er blitt opplyst en svært smittsom sykdom som angriper hjortevilt. Dette er også en sykdom som føre til at beiteland kan være smittefarlig i flere år.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Sjukdomen Chronic Wasting Disease (CWD) er nyleg oppdaga i Noreg. Dette er ein alvorleg dyresjukdom. Førebels er sjukdomen påvist hjå eit reinsdyr (villrein) og to elg. CWD er i fleire tiår påvist hjå hjortedyr i USA og Canada. Funna i Noreg er dei fyrste i Europa og får difor stor merksemd. Smitte til menneskje er ikkje rapportert i samband med CWD hjå hjortedyr.
Sjukdomen er smittsam og kan overførast både mellom viltlevande hjortedyr og mellom tamme og viltlevande hjortedyr. I dette ligg det ei særskild utfordring. Det er difor naudsynt at vi gjer tiltak som kan vere med på å hindre vidare utbreiing av sjukdomen.
Me treng eit godt vitskapleg grunnlag. Difor vart Vitskapskomiteen for mattryggleik alt i april gitt i oppgåve å vurdere viktige spørsmål. Svaret på første fase i denne vurderinga vil ligge føre i veke 26.
Mattilsynet har på vegne av departementet nyleg sendt på høyring utkast til forskrift med fleire tiltak for å medverke til å avgrense spreiing av sjukdomen. Tiltaka gjeld alle hjortedyr.
I forskrifta blir det foreslått å forby utførsel av levande hjortedyr frå Noreg samt å forby flytting av hjortedyr mellom fylke. Det er einskilde unntak knytt til bruk av beite og for dyr som skal sendast til slakt. Dette er tiltak som i fyrste rekkje vedkjem reindriftsnæringa. I tillegg foreslår vi forbod mot å importere luktestoff frå hjortedyr frå land der CWD er påvist og forbod mot å leggje ut fôr og sette ut slikkesteinar til viltlevande dyr. Det blir òg foreslått ei utvida varslingsplikt for transportørar og personar som har ansvar for hjortedyr.
Eg tek sikte på å fastsetje dei nye reglane før sommaren. Reindriftsnæringa vil bli særleg ramma av forslaga, og Sametinget og reindriftsnæringa er difor særskilt involvert i denne prosessen.
Både ville og tamme hjortedyr kryssar landegrensene til Sverige og Finland. Mattilsynet har tett kontakt med EU-kommisjonen og våre nordiske naboland i denne saka.
Det er òg viktig å få på plass god og kostnadseffektiv kartlegging. Dette vil gje oss grunnlag for å setja i verk meir målretta tiltak. Det er etablert eit tett samarbeid mellom styresmaktene på miljø- og dyrehelseområdet. Både Miljødirektoratet og regional og lokal jaktforvaltning samarbeider godt med Mattilsynet og Veterinærinstituttet. I samband med haustjakta planlegg desse instansane ei omfattande kartlegging.