Skriftleg spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1348 (2015-2016)
Innlevert: 21.06.2016
Sendt: 21.06.2016
Svart på: 01.07.2016 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Kan statsråden forsikra om at svaret han gav i januar framleis står ved lag, ved at ein nyttar same kriteria i KVU-arbeidet som i Statens Vegvesen si aust-vest-utgreiing, vil han syte for at ein nyttar talmateriale for opprusta E39, og vil resultatet av KVU-arbeidet bli lagt fram i NTP 2018-2029 slik det vart slått fast i januar 2016?

Grunngiving

På møte i regi av Statens Vegvesen i Ullensvang 20.06.2016 vart det lagt fram ulike analysar knytt til arbeidet med KVU for aust-vest-samband Gol-Voss. Der kunne ein registrere at i ei analyse av regionale konsekvensar la ein til grunn E39 med dagens standard også i analysar som går 40 år fram tid. Som statsråden er kjend med har Stortinget vedteke arbeidet med ferjefri E39, og nokre trasear er bygd, mange ligg klare og fleire skal planleggast for utbygging dei næraste åra. I svar på spørsmål frå underteikna av 12.01.2012 svara statsråden følgjande:

«I hovudsak vil KVU-arbeidet byggje på dei same måla og kriteria som er lagt til grunn i Statens vegvesen si aust-vest-utgreiing.»

Vidare svara statsråden at:

« På grunnlag av drøftingar i regjeringa tek Samferdselsdepartementet sikte på å leggje fram ei prioritering av trasé for aust-vestvegsamband i Nasjonal transportplan 2018-2029.»

Ketil Solvik-Olsen (FrP)

Svar

Ketil Solvik-Olsen: Statens vegvesen opplyser at dei i konseptvalutgreiinga (KVU) for Gol-Voss vil bruke same modellverktøy med dei same kriteria som i aust-vest-utgreiinga. I tillegg blir det gjennomført meir detaljerte vurderingar for å tilfredsstille krava til ei KVU. Det blir brukt tre ulike referansar for transportvurderingane:

- Eit alternativ som tilfredsstiller Finansdepartementet sitt strenge krav til nullalternativ. Her er berre bundne prosjekt, dvs. prosjekt som Stortinget har tatt opp til løyving og prosjekt som ligg inne i porteføljen til Nye Veier AS, lagt inn.
- Eit alternativ der E134 er ferdig utbygd mellom Drammen og Haugesund. Denne referansesituasjonen tek omsyn til signala frå Samferdselsdepartementet om at E134 vil vere eitt av dei framtidige hovudsambanda mellom Austlandet og Vestlandet.
- I det tredje referansealternativet er det lagt til grunn at E134, ferjefri E39 og E16 Voss-Bergen er ferdig utbygd. Dette tilsvarar alternativ 0+ i aust-vest-utgreiinga.

I tillegg blir det gjennomført følsemdsvurderingar med ei ferjefri kryssing av Sognefjorden på rv 5 og ein ferdig utbygd Hordalandsdiagonal.
Eg tek fortsatt sikte på å kome tilbake til Stortinget med ei endeleg avklaring om strategi for aust-vest-sambanda i samband med Nasjonal transportplan 2018-2029.