Skriftleg spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1349 (2015-2016)
Innlevert: 21.06.2016
Sendt: 21.06.2016
Svart på: 01.07.2016 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Kvifor er ikkje alternativet frå SVV si aust-vest-utgreiing med høgast samfunnsøkonomisk nytte, Rv 7/Hordalandsdiagonalen, med i KVU-utgreiinga SVV no arbeider med for strekninga Gol-Voss, og vil statsråden sjå til at det vert utarbeidd eit alternativ for Rv 7 i kombinasjon med Hordalandsdiagonalen slik at statsråden får ei sak som er skikkeleg opplyst før ein tek avgjerd i NTP 2018-29?

Grunngiving

Då Statens Vegvesen la fram si aust-vest-utgreiing hausten 2015 var det eitt alternativ som viste seg å ha langt høgare samfunnsøkonomisk nytte enn dei andre, nemleg kombinasjonen Rv 52 og Hordalandsdiagonalen.
Til mange si overrasking vart det ikkje lagt fram noko alternativ der Hordalandsdiagonalen er inkludert på Statens Vegvesen sitt møte om KVU-arbeidet Gol-Voss i Ullensvang 20.06 d.å. Statsråden og regjeringa har vore svært tydeleg på at samfunnsøkonomisk nytte skal styre samferdselsprioriteringane i mykje større grad enn tidlegare. Det viser att i mandatet etatane fekk i sitt arbeid, og deira tilrådingar til NTP der det er lite nye prosjekt i distrikt med spreidd busetnad.
I dette biletet vert det underleg at det alternativet som utan tvil gir ein langt høgare samfunnsøkonomisk nytte enn alle andre alternativ, nemleg Rv 52 i kombinasjon med Hordalandsdiagonalen, ikkje vert utgreidd vidare. Det er viktig å få avklara om det er statsråden som har nekta SVV å ta med dette alternativet, og i så fall kvifor. Sjølv om KVU-oppdraget femner om strekninga God-Voss strir det mot all sunn fornuft å utlukke eit alternativ som gir så høg samfunnsnytte.

Ketil Solvik-Olsen (FrP)

Svar

Ketil Solvik-Olsen: I aust-vest-utgreiinga vart i alt 11 utbyggingsalternativ vurderte. Eitt av desse var E134 med arm til Bergen, den såkalla Hordalandsdiagonalen. Denne kombinasjonen av E134 kom best ut av alle dei vurderte alternativ når ein ser på dei prissette konsekvensane. I aust-vest-utgreiinga blei det ikkje vurdert noko alternativ med kombinasjonen Hordalandsdiagonalen/rv 7.
I oppdraget til Statens vegvesen om å setje i gang ei konseptvalutgreiing (KVU) for Gol-Voss har Samferdselsdepartementet funne det nødvendig å avgrense utgreiinga. Dette må sjåast i samanheng med den knappe tidsfristen som er til rådvelde for at vi skal ha eit beslutningsgrunnlag klart til Stortingsmeldinga om NTP 2018-2029 neste år, og at utgreiingsressursar i Statens vegvesen skal nyttast mest mogeleg rasjonelt.
Hovudformålet med KVU for Gol – Voss er å skaffe vedtaksgrunnlag for å velje rv 52 eller rv 7 som det andre hovudsambandet mellom Austlandet og Vestlandet. Mi vurdering er at det som grunnlag for ei slik avgjerd, ikkje er nødvendig med ei samtidig vurdering av mogelege løysningar for ein Hordalandsdiagonal kombinert med rv 52 eller rv 7. Slike vurderingar kan eventuelt handterast i ei seinare KVU for arm til Bergen. For å sikre eit mest mogeleg robust beslutningsgrunnlag for val av trasé, er det likevel viktig å gjennomføre følsemdsvurderingar som viser korleis ein eventuell Hordalandsdiagonal vil kunne påverke trafikken og nytten av investeringar på rv 7 og rv 52 mellom Gol og Voss. Desse vurderingane vil, saman med ei rekkje andre følsemdsvurderingar, inngå i ei totalvurdering av traséval mellom rv 7 og rv 52.