Skriftleg spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til finansministeren

Dokument nr. 15:1371 (2015-2016)
Innlevert: 24.06.2016
Sendt: 24.06.2016
Svart på: 30.06.2016 av finansminister Siv Jensen

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): Regjeringa har varsla at folk må vera meir mobile og ha større vilje til å pendla for å ha jobb.
Kva konkrete endringar har regjeringa, sidan stortingsvalet, gjort i regelverk og økonomiske ordningar for dei som pendlar?

Siv Jensen (FrP)

Svar

Siv Jensen: Det er viktig at folk er mobile og flyttar eller pendlar til område med ledige jobbar. Sysselsettingspolitikken legg til rette for ein fleksibel arbeidsmarknad som raskt tilpassar seg endringar i etterspørselen etter arbeidskraft. Mellom anna må ein handheve mobilitetskravet i dagpengeordninga i samsvar med intensjonane. Folk kan omstille seg både ved å flytte og ved å skifte bransje eller yrke. Etterutdanning eller omskolering kan vere gode tiltak for arbeidsløyse personar med særskilte kvalifikasjonar som det ikkje er stor etterspørsel etter.
Den økonomiske politikken inneber samla sett ein kraftfull innsats for å sikre folk arbeid. Regjeringa har styrkt innsatsen for arbeid, aktivitet og omstilling dei seinare åra. Det kjem særskilte tiltak for å motverke auken i arbeidsløysa på Sør- og Vestlandet. Regjeringa har mellom anna auka investeringane i veg og jernbane. For å møte dei strukturelle utfordringane ved at arbeidskraft må flytte frå oljerelaterte næringar til andre næringar har Regjeringa satsa særskilt på tiltak som betrar produktiviteten og vekstevna i økonomien.
Endringar i reglene for rett til frådrag i inntekta for pendlarar dei seinare åra må ses i samanheng med Regjeringas arbeid for å forenkla og effektivisera offentlig sektor. Frå 2016 er mellom anna retten til frådrag for såkalla småutgifter fjerna og botnbeløpet i reisefrådraget er auka dei seinare åra, til 22 000 kroner frå 2016. Desse endringane gjer skatteetatens kontroll enklare, og frigjer ressursar til andre område.