Skriftleg spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til utenriksministeren

Dokument nr. 15:1451 (2015-2016)
Innlevert: 16.08.2016
Sendt: 16.08.2016
Svart på: 23.08.2016 av utenriksminister Børge Brende

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Korleis var prosessen i dei ulike departementa for å avgjere kva område Noreg ynskjer å halde utanfor ”National Treatment” i TISA-avtala, vart det sett i gang ekstern utgreiing, utgreiing gjort av fagfolk i Helse – og omsorgsdepartementet og var det halden open intern høyring for departementa?

Grunngiving

Onsdag 4. februar 2015 stila underteikna følgjande spørsmål til Helseministeren: Har det skjedd endringar når det gjeld Noreg sine tilbod knytt til helsesektoren i forhandlingane om TISA-avtala?
Då svara helseministeren at «nå går representanten inn på et relativt detaljert nivå innan et område som jeg ikke har det konstitusjonelle ansvar for, så representanten må nesten stille det spørsmålet til ansvarlig statsråd».
Onsdag 3. februar arrangerte Senterpartiet ope møte om TISA-avtala på Stortinget med Fernando Gambera, som er internasjonal sekretær i arbeidstakarane sin hovudorganisasjon i Uruguay og Roberto Chiazzar som er parlamentsmedlem i Uruguay. Der forklara dei at regjeringa i Uruguay før ein vedtok å gå ut av TISA-forhandlingane hadde bede departementa om å gjere ei analyse av konsekvensane TISA-avtala kunne få innan deira fagområde. Det enda mellom anna med at helsedepartementet i Uruguay åtvara mot at TISA-avtala kom til å gjere det vanskeleg å opprette nye offentlige helsetenester, og fleire andre departement åtvara mot konsekvensane innan sine saksområde.

Børge Brende (H)

Svar

Børge Brende: Prosessen som leia fram til det norske opningstilbodet starta under førre regjering, som Navarsete var del av. Då regjeringa stadfesta Noregs deltaking i TISA og la fram eit opningstilbod i november 2013, var det utvikla i samråd med fagdepartementa.
Regjeringa vurderte at det ikkje var grunn til å avgrense rekkevidda av opningstilbodet i TISA meir enn det som følgde av Noreg sitt siste tilbod i Doha-forhandlingane, lagt fram i juni 2005, om WTO-avtalen om handel med tenester (GATS).
Innanfor helsesektoren er Doha-tilbodet ei oppramsing av gjeldande plikter etter GATS, som vi sidan 1995 har vore bundne av. Dei norske TISA-tilboda (opningstilbodet frå november 2013 og det reviderte tilbodet frå mai i år) medfører ingen endring i innhaldet av noverande plikter på helsesektoren. Røynsla viser at eksisterande pliktar ikkje har gjort det vanskeleg for kommunar og andre helsemyndigheiter å halde fram med eit godt offentleg helsetilbod.
For å sikre handlingsrom i sektorar som er dominerte av offentleg tenestetilbod, har vi skrive inn breie reservasjonar mot prinsippet om nasjonal handsaming av sjukehustenester og andre institusjonaliserte helsetenester. Det er ikkje skrive inn ein plikt til marknadstilgang på dei same sektorane.